David D. Friedman

amerikansk fysikar og økonom

David Director Friedman (fødd 12. februar 1945) er ein amerikansk økonom, fysikar, jurist og anarkokapitalistisk teoretikar, skildra av Walter Block som ein «fri marknad-anarkist».[1] Sjølv om han studerte kjemi og fysikk, og ikkje juss eller økonomi, handlar hans verk og teoriar mest om mikroøkonomi og den libertarianistiske tanken om anarkokapitalisme, som mellom anna hans mest kjente verk The Machinery of Freedom reflekterer.[2]

David D. Friedman

Fødd12. februar 1945
New York by
NasjonalitetUSA
Områdesamfunnsøkonomi
Yrkesamfunnsøkonom, fysikar, bloggar, skribent, universitetslærar, romanforfattar, lyrikar
InstitusjonarSanta Clara University
Liberty
University of California, Los Angeles
Virginia Tech
Santa Clara University School of Law
Cornell Law School
Tulane University
University of Pennsylvania
Columbia University
Alma materHarvard University
University of Chicago
DoktorgradsrettleiarRonald Coase
Friedrich von Hayek
Robert A. Heinlein
Milton Friedman
BarnPatri Friedman

Bakgrunn

endre

David Friedman er son av Rose Friedman og Milton Friedman, som begge var utdanna økonomar.[3] David vart uteksaminert frå Harvard University i 1965 med ein bachelorgrad innan kjemi og fysikk.[4] Seinare oppnådde han ein mastergrad i 1967, og ein PhD i 1971 i teoretisk fysikk ved University of Chicago.[5] Han tok aldri nokre akademiske kurs innan juss eller økonomi.[6] Han var jussprofessor ved Santa Clara University frå 2005 til 2017.[7] Sidan 2017 har han vore professor emeritus ved Santa Clara University.[7] Friedman definerer seg sjølv som ein ateist.[8] Sonen hans, Patri Friedman, har òg skrive om libertarianisme og marknadsanarkisme.

The Machinery of Freedom

endre

I boka hans The Machinery of Freedom, skisserer Friedman ei form for anarkokapitalisme der alle godane i samfunnet, til og med juridiske lover, skal vera forma og styrt av den frie marknaden. Friedman tek til orde for ei stegvis tilnærming for å oppnå anarkokapitalisme ved ei gradvis privatisering av område som styresmakta har jurisdiksjon over og til slutt privatisering av sjølve lovverket i staten. I boka likevel tek han avstand frå ein valdeleg anarkokapitalistisk revolusjon.[9]

Han har ein konsekvensialistisk versjon av anarkokapitalisme, der han viser til viktigheita av ein nytte-kostnadsanalyse om ein stat kontra ingen stat.[10] Dette er ein kontrast til det dei høgre-libertarianarane fremjar, særskild av økonomen og høgre-libertarainaren Murray Rothbard.

David Friedman har teke til orde for ein ikkje-intervensjonistisk utanrikspolitikk.[11]

Fantasybøker

endre

David Friedman er ein ivrig beundrar av science fiction, og har fylgjeleg skrive tre fantasybøker, Harald (2006), Salamander (2011) og Brothers (2020).

Bibliografi

endre

Sakprosa

endre

Skjønnlitteratur

endre

Kjelder

endre
  1. Block, Walter E. (2011). «David Friedman and Libertarianism: A Critique». Libertarian Papers 35 (3): 22. 
  2. Caplan, Bryan (2008). «Friedman, David (1945–)». I Hamowy, Ronald. Friedman, David (1945– ). The Encyclopedia of Libertarianism. Thousand Oaks, CA: Sage; Cato Institute. s. 194–195. ISBN 978-1412965804. LCCN 2008009151. OCLC 750831024. doi:10.4135/9781412965811.n117. 
  3. Free Market Mojo. "An Interview with David D. Friedman" Arkivert 2010-11-22 ved Wayback Machine..
  4. Faculty Profile: David Friedman Arkivert 2014-07-22 ved Wayback Machine.. Santa Clara Law School
  5. «My Academic Page». www.daviddfriedman.com. 
  6. Athiparambath, Shanu (14 February 2016). «Economist David Friedman Says India Must Go Taller To Make Homes Affordable». Market Urbanism. Henta 4 October 2016. 
  7. 7,0 7,1 «David D. Friedman», Santa Clara Law (på engelsk), henta 9. desember 2022 
  8. Friedman, David D. "Atheism and Religion", Ideas.
  9. Friedman, David D (1995). «Revolution Is the Hell of It». The Machinery of Freedom. s. 149–150. ISBN 0-8126-9069-9. 
  10. Morris, Christopher. 1992. An Essay on the Modern State. Cambridge University Press. p. 62.
  11. David D. Friedman. The Machinery of Freedom: «Is there a libertarian Foreign Policy?». 2. utg.
  12. «David D. Friedman», www.amazon.com (på engelsk), henta 9. desember 2022 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: David D. Friedman