Opna hovudmenyen

David Hilbert

tysk matematikar

David Hilbert (fødd 23. januar 1862 i Königsberg i Aust-Preussen, død 14. februar 1943) var ein tysk matematikar; professor i Göttingen 1895-1930.

David Hilbert
Hilbert.jpg
Fødd23. januar 1862
Königsberg
Død14. februar 1943
Göttingen
NasjonalitetPreussen, Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Det tredje riket
Områdematematisk analyse, geometri, talteori, matematikk
Yrkematematikar, universitetslærar, filosof
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Alma materAlbertina
DoktorgradsrettleiarFerdinand von Lindemann
BarnFranz Hilbert
MedlemRoyal Society
Det saksiske vitenskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det bayerske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Han skreiv doktoravhandlinga si, Über invariante Eigenschaften specieller binärer Forma, insbesondere der Kugelfunctionen i Königsberg i 1885.

Han var kanskje av dei fremste matematikarane på si tid og gav banebrytande bidrag til mange område i matematikken. Dei første arbeida hans omhandla teorien for dei algebraiske tala og formene. I boka si Grundlagen der Geometrie (1899) la han fram ein kritisk diskusjon av aksioma i geometrien og den logiske oppbygginga. Seinare arbeidde Hilbert med integrallikningar og heldt her fram arbeida til Erik Ivar Fredholm. Dei siste arbeida hans omhandla det alminnelege logiske grunnlaget for matematikken. Hilbert arbeidde òg med fysikk, mellom anna kinetisk gassteori og relativitetsteorien.

På den internasjonale matematikarkongressen i Paris i 1900 la Hilbert fram ei samling på 23 uløyste problem som han såg som sentrale for matematikken, og som han rekna ville la seg løyse i framtida. Desse vert omtalte som Hilbert sine problem. Mange av dei er framleis uløyste og dei har påverka utviklinga til matematikken på 1900-talet på ein gjennomgripande måte.

Hilbert vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen Niels Henrik Abel i 1902.

KjelderEndra