Den internasjonale romstasjonen
Den internasjonale romstasjonen er ein romstasjon som går i omlaup rundt jorda i ei høgd på omtrent 386 km. Den reelle høgda vil heile tida vere litt over/under, ettersom stasjonen heile tida vert påverka av tyngdekrafta frå jorda, og av rakettane som jamleg vert avfyrt for å motverka denne.
«Den internasjonale romstasjonen» | |||
Den internasjonale romstasjonen 30. mai 2011, fotografert frå romferja «Endeavour». | |||
Engelsk namn International Space Station (ISS), russisk Междунаро́дная косми́ческая ста́нция (МКС) | |||
Mannskap | 6 | ||
---|---|---|---|
Masse | ca. 450 000 kg | ||
Volum | 837 m³ | ||
Oppskyting | 20. november 1998 | ||
I bane | 9 482 dager (5. november 2024) | ||
Bemanna | 8 769 dager (5. november 2024) | ||
Omløp | 148 835 (5. november 2024) | ||
Periode | 91 minutter | ||
Inklinasjon | 51,6 grader | ||
Perihel | 376 km over havet | ||
Aphel | 398 km over havet | ||
Fart | 7 706 m/s (27 743,8 km/h) | ||
Konfigurasjon | |||
Den første modulen til romstasjonen, kalla «Zarja», vart skoten opp i 1998. Romstasjonen har vore bemanna sidan 2. november 2000. 16 land har teke del i byggeprosjektet som er verdas største vitskaplege samarbeidsprosjekt nokosinne.
Historie
endreDå romferjeprogrammet vart fullført ved byrjinga av 80-talet, annonserte den amerikanske presidenten Ronald Reagan ein plan om å byggje ein permanent bemanna romstasjon. Denne planlagde romstasjonen fekk namnet «Freedom». Den amerikanske organisasjonen NASA sette straks i gang undersøkingar om kva ein kunne nytte ein slik stasjon til. Ein såg for seg stasjonen blant anna som ein verkstad for øydelagde satellittar, som observasjonspost for astronomar og som eit laboratorium både for forskarar og betalande bedrifter, samt mykje anna. NASA feilberekna kor mykje romstasjonen ville koste, og etter mange budsjettkutt med tilsvarande nedskjeringar i kva oppgåver ein kunne nytte Freedom til, vart kongressen i 1993 trøytt av å løyve pengar til prosjektet. Då Sovjetunion vart oppløyst i 1991, var det politiske landskapet og annleis enn før. Romkappløpet mellom dei to supermaktene var slutt, og dåverande president Bill Clinton kunne kunngjera at romstasjonen Freedom vart endra til Den internasjonale romstasjonen, eit samarbeidsprosjekt på tvers av landegrenser.
Den første modulen som vart skoten opp, var modulen Zarja. Modulen vart skote opp den 20. november 1998. Zarja leverer oksygen, straum, vatn og står for kommunikasjon med jorda. Sjølv om Zarja berre var konstruert for å fly opp til 6-8 månader åleine, tok det nesten to år før service modulen Zvevda kunne skytast opp og kopla seg til den 26. juli 2000. I mellomtida hadde amerikanarane skote opp modulen Unity, den første av tre tilkoplingspunkt mellom dei ulike modulane av romstasjonen. Med dei tre modulane Zvevda, Unity og Zarja tilkopla, kunne den første ekspedisjonen gå inn i romstasjonen den 2. november 2000.
Noverande status
endreDen internasjonale romstatsjonen er det romfartøyet som er blitt vitja av flest folk i romfartshistorien (159 vitjingar av 124 ulike personar fram til 11. september 2006).
Bygginga av den internasjonale romstasjonen har til no vorte dyrare enn kva ein tidlegare hadde rekna med. Prosjektet er og forseinka etter at Columbia-ulykka førte til at NASA måtte innstille alle planlagde turar med romferjene. Medan alle dei amerikanske romferjene vart sett på bakken, måtte mannskapbytte skje med det russiske romfartøyet Soyuz. Ein utsette den vidare konstruksjonen av romstasjonen, og reduserte forsøka som vart gjort om bord stasjonen, ettersom ein måtte kutte ned på mannskapet om bord frå tre til berre to personar så lenge ein ikkje kunne nytte ferjene. Då ein starta opp att romferjeprogrammet, vart mannskapet på den Internasjonale romstasjonen oppjustert til 3 igjen. Det skjedde då den tyske ESA-astronauten Thomas Reiter kunne slutte seg til ekspedisjon 13 frå romferja Discovery. Pr, Oktober 2006 har det vore 14 ekspedisjonar til den internasjonale romstasjonen for å utføre diverse eksperiment, medan ein framleis held på med arbeidet for å ferdiggjera romstasjonen. Ein reknar med at romstasjonen ikkje er ferdig før tidlegast 2010. Det er då planlagd at NASA skal pensjonere sine fem resterande romferjer for eit nytt transportsystem.
Ekspedisjon | Mannskap (kaptein i kursiv) |
Logo | Dato for oppskyting | Fartøy | Dato for tilbakekomst | Fartøy | Lengd (dagar) | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ISS-ekspedisjon 1 | William Shepherd - USA Yuri Gidzenko - Russland Sergei Krikalev - Russland |
31. oktober 2000 07:52:47 UTC |
Soyuz TM-31 | 21. mars 2001 07:33:06 UTC |
Discovery | 140,98 | ||
ISS-ekspedisjon 2 | Yuri Usachev - Russland Susan Helms - USA James Voss - USA |
8. mars 2001 11:42:09 UTC |
Discovery | 22. august 2001 19:24:06 UTC |
Discovery | 167,28 | ||
Expedition 3 | Frank L. Culbertson - USA Vladimir N. Dezhurov - Russland Mikhail Tyurin - Russland |
10. august 2001 21:10:15 UTC |
Discovery | 17. desember 2001 17:56:13 UTC |
Endeavour | 128,86 | ||
Expedition 4 | Yury Onufrienko - Russland Dan Bursch - USA Carl Walz - USA |
5. desember 2001 22:19:28 UTC |
Endeavour | 19. juni 2002 09:57:41 UTC |
Endeavour | 195,82 | ||
Expedition 5 | Valery Korzun - Russland Sergei Treschev - Russland Peggy Whitson - USA |
5. juni 2002 21:22:49 UTC |
Endeavour | 17. desember 2002 19:37:12 UTC |
Endeavour | 184,93 | ||
Expedition 6 | Kenneth Bowersox - USA Nikolai Budarin - Russland Donald Pettit - USA |
24. november 2002 00:49:47 UTC |
Endeavour | 4. mai 2003 02:04:25 UTC |
Soyuz TMA-1 | 161,05 | ||
Expedition 7 | Yuri Malenchenko - Russland Edward Lu - USA |
26. april 2003 03:53:52 UTC |
Soyuz TMA-2 | 28. oktober 2003 02:40:20 UTC |
Soyuz TMA-2 | 184,93 | ||
Expedition 8 | Michael Foale - USA Alexander Kaleri - Russland |
18. oktober 2003 05:38:03 UTC |
Soyuz TMA-3 | 30. april 2004 00:11:15 UTC |
Soyuz TMA-3 | 194,77 | ||
Expedition 9 | Gennady Padalka - Russland Michael Fincke - USA |
19. april 2004 03:19:00 UTC |
Soyuz TMA-4 | 24. oktober 2004 00:32:00 UTC |
Soyuz TMA-4 | 185,66 | ||
Expedition 10 | Leroy Chiao - USA Salizhan Sharipov - Russland |
14. oktober 2004 03:06 UTC |
Soyuz TMA-5 | 24. april 2005 22:08:00 UTC |
Soyuz TMA-5 | 192,79 | ||
Expedition 11 | Sergei Krikalev - Russland John L. Phillips - USA |
15. april 2005 00:46:00 UTC |
Soyuz TMA-6 |
11. oktober 2005 01:09:00 UTC |
Soyuz TMA-6 | 179,02 | ||
Expedition 12 | William McArthur - USA Valery Tokarev - Russland |
1. oktober 2005 03:54:00 UTC |
Soyuz TMA-7 |
8. april 2006 23:48:00 UTC |
Soyuz TMA-7 | 189,01 | ||
Expedition 13 | Pavel Vinogradov - Russland Jeffrey Williams - USA Thomas Reiter - Germany |
30. mars 2006 02:30 UTC (Soyuz) 4. juli 2006 18:38 UTC (STS) |
Soyuz TMA-8 Discovery(Reiter) |
28. september 2006 01:13 UTC (Soyuz) 18. desember 2006 (STS) |
Soyuz TMA-8 Discovery (Reiter) |
182,65 | ||
Expedition 14 | Michael Lopez-Alegria - USA Mikhail Tyurin - Russland Sunita Williams - USA |
18. september 2006 04:09 UTC (Soyuz) Planlangd: 8. desember, 2006 (STS) |
Soyuz TMA-9 Discovery(Williams) |
Planned: 20. april, 2007 (Soyuz) 9. juli, 2007 (STS) |
Soyuz TMA-9 Endeavour (Williams) |
~214 | ||
Expedition 15 | Fyodor Yurchikhin - Russland Clayton Anderson - USA Oleg Kotov - Russland Daniel Tani - USA[1] |
Planlangd for 9. april, 2007–17. oktober, 2007 | ||||||
Expedition 16 | Peggy Whitson - USA Yuri Malenchenko - Russland Léopold Eyharts - France Robert Thirsk - Canada Koichi Wakata - Japan |
Planlangd for 6. oktober, 2007–4. mars, 2008 |
Trivia
endreAmerikanararen Dennis Tito vart den første betalande romturisten då han betalte 20 millionar dollar for å komme om bord eit russisk romfartøy til Den internasjonale romstasjonen.
Den 10. august 2003 var romstasjonen og åstad for det første giftarmålet ute i rommet då den russiske kosmonauten Yuri Malenchenko gifta seg med Ekaterina Dmitrieva som under viinga var til stades i Texas.
Ekspedisjonar
endreAlle permanente stasjonsmannskapa får namnet «Expidition N», der N er eit nummer som vert auka med ein for kvar ekspedisjon. Ekspedisjonane har ei gjennomsnittslengd på opphaldet på eit halvt år. Korttidsvitjarar og romturistar vert ikkje talde med som ekspedisjonsmedlemar.
Forsking
endre- Norske prosjekt
Forsking på «bemannet romfart og plantedyrking» i verdsrommet blei drive (og fjernstyrt) av Ciris (eller Senter for tverrfaglig forskning i rommet) i tolv år fram til februar 2018.[2]
Sjå og
endreKjelder
endre- ↑ NASA, Russlandn Space Agency Name 4 Members of Next ISS Crew 19. oktober 2006 mosnews.com, Retrieved 19. oktober 2006.
- ↑ Frida Holsten Gullestad. «Høster i rommet». 2018-02-20. Klassekampen . S. 9
Bakgrunnsstoff
endre- Den internasjonale romstasjonens heimesider hjå NASA
- Den internasjonale romstasjonens heimesider hjå ESA
- ISS Fan Club Arkivert 2012-01-20 ved Wayback Machine.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |