Morten Borgersen

norsk skodespelar

Morten Borgersen (fødd 12. oktober 1950 i Skien) er ein norsk skodespelar, instruktør og forfattar, utdanna ved Statens Teaterhøgskole. Han debuterte som skodespelar i 1970. Sidan den gong har han vore skodespelar ved Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Den Nationale Scene, Oslo Nye Teater, Thalia og TV-teatret, og har elles hatt ymse roller i film og TV. Han var teatersjef ved Den Nationale Scene i Bergen frå 2001 til 2008. Tidlegare har han òg vore teatersjef ved Teatret Vårt og Teater Ibsen.

Morten Borgersen
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1950 (74 år)
i Skien
Yrke Instruktør, skodespelar, forfattar
Periode 2012-
Debut Jeg arvet en mørk skog

Borgersen debuterte som forfattar i 2012 med romanen Jeg arvet en mørk skog.[1]

Instruert i utval

endre

Bibliografi

endre
  • Våre stemmer. HIV – 30 år i Norge, med Fin Serck-Hanssen (sakprosa, Forlaget Press, 2015)[2]
  • Forestillinger (roman, Vigmostad & Bjørke, 2014)[3]
  • Jeg har arvet en mørk skog (roman, Piratforlaget, 2012)
  • Teaterhistorie (bind 2) (fagbok, Tell, 1997)[4]

Referansar

endre
  1. ««Morten Borgersen»». piratforlaget.no. Henta 22. februar 2012. 
  2. «Fin Serck-Hanssen / Morten Borgersen Våre stemmer Hiv: 30 år i Norge». Forlaget Press. Henta 13. september 2017. 
  3. «Forestillinger». Vigmostad & Bjørke. Henta 13. september 2017. 
  4. «Morten Borgersen». Forfatterkatalogen. Henta 13. september 2017. 

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre