Radikale Venstre
Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark. Radikale Venstre er med i Den liberale internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Margrethe Vestager. Ved det siste folketingsvalet, i 2011, fekk partiet 9,5 % av røystene og 17 plassar i Folketinget (av 179), og vart dermed fjerde størst. Dette var det beste valresultatet for partiet sidan 1973.
PolitikkEndra
Før folketingsvalet i 2005 markerte Radikale Venstre seg i valkampen mellom anna med sterk motstand mot det som det såg som den framandfiendtlege politikken til den sitjande Venstreregjeringa til Anders Fogh Rasmussen. Det gjekk mellom anna sterkt imot restriksjonane på familiegjenforening med utanlandske ektefellar som regjeringa har innført.
I 2006 vedtok partiet ein framtidsstrategi som det kalla «En anden vej». Der ville partiet framstå som eit reelt alternativ, uavhengig av både den høgreorienterte regjeringa til Fogh Rasmussen og Sosialdemokratane. Partiet avviste samarbeid med Fogh Rasmussen, og ville køyra fram Marianne Jelved som sin statsministerkandidat ved neste folketingsval.[1] Denne strategien førte ikkje til suksess.
Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.
HistorieEndra
Valresultat for Radikale VenstreEndra
Val til Folketinget 1960-2007
PartileiararEndra
Statsministrar frå Radikale VenstreEndra
BakgrunnsstoffEndra |