Bandmaursmett

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Dichrozona)

Bandmaursmett, Dichrozona cincta, er ein liten maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Dichrozona.

Bandmaursmett
btxt Foto: Dario Sanches
btxt
Foto: Dario Sanches
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Bandmaursmett
Utbreiinga av Bandmaursmett
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Dichrozona
Art: Bandmaursmett D. cincta
Vitskapleg namn
Dichrozona cincta

Dette er ein liten maursmett, 10 centimeter i lengd og veg 16 gram, med langt, tynnt nebb. Fjørdrakta har gråleg til kvit underside med mørke flekker over brystet. Krone og overside er brun. Overgumpen har eit kvitt band. Dekkfjørene er svarte med to gulbrune band, flygefjørene er bleikbrune. Hoa liknar, men har bleikare band og færre flekker.

Dei lever i par, vandrar gjerne sakte på skogbotnen i relativt open underskog, og svingar ofte på halen frå side til side.

Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Peru og Venezuela.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bandmaursmett