Diddley Daddy
Singel av Bo Diddley
B-side

«She's Fine, She's Mine»

Utgjeve Juni 1955[1]
Innspelt 15. mai 1955 i Chicago[2]
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:28
Selskap Checker 819[1]
Låtskrivar(ar) Ellas McDaniel, Harvey Fuqua
Produsent Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley[2]
Bo Diddley-kronologi 
«Bo Diddley»

(April 1955)

Diddley Daddy «Pretty Thing»

(September 1956)


«Diddley Daddy» er ein song av Bo Diddley. Songen vart gjeven ut på singel på Checker Records i juni 1955.[1] Det var den andre singelen hans og ein oppfølgjar til «Bo Diddley». Songen låg fire veker på Billboard R&B-lista sommaren 1955,[3] og nådde ein 11. plass.[4]

Skriving og innspeling endre

Songen vart spelt inn 15. mai 1955 i Chicago. Opphavleg vart han kalla «Diddy Diddy Dum Dum,»[5] og byrja som ein song av Billy Boy Arnold, som Leonard Chess, eigaren av Chess Records (Checkers var eit dotterselskap under Chess) hadde høyrt Arnold spele og ønskte av Diddley skulle spele inn. Men Arnold hadde nettopp signert kontrakt med Vee-Jay Records, og hadde spelt inn songen dagen før i Universal Studios. Då Chess ønskte at Arnold skulle syngje songen, forstod Arnold at han ikkje kunne på grunn av kontrakten med Vee-Jay. Ei løysing vart at Diddley og Harvey Fuqua skreiv om teksten.[6]

Munnspelspelaren Little Walter var tilfeldigvis i studio og han spurte om å få låne munnspelet til Billy Boy Arnold. Walter spelar den lange soloen etter det første verset. Eit anna tilfeldig val på innspelinga var å bruke doo-wop-gruppa The Moonglows på korvokal, fordi dei var til stades i studio då.[6]

Mottaking endre

«Diddley Daddy» er ein av signaturlåtane til Diddley og syner at han utvikla seg som artist.[7] Songen er blitt skildra som «god som gull»[8] ein «smittande» «livleg rockelåt».[9]

The Rolling Stones, som tidleg i karrieren ofte spelte Diddley sine songar på konsertane sine,[10] spelte inn songen (i lag med Diddley sin «Road Runner») på den første demoinnspelinga si, spelt inn 11. mars 1963. Brian Jones lånte seinare gitarriffet til Diddley på songen «19th Nervous Breakdown» i 1965.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Reviews of New R&B Records». Billboard: 47. 11. juni 1955. Henta 10. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 His Best (CD liner). Bo Diddley. United States: Chess Records/MCA Records. 1997. CHD-9373. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017. 
  3. Pruter, Robert (1996). Doowop: the Chicago scene. University of Illinois Press. s. 72. ISBN 978-0-252-06506-4. 
  4. «Bo Diddley: Rhythm 'n' blues gitarist who was a formative influence on the development of rock 'n' roll». The Telegraph. 2. juni 2008. Henta 10. juli 2017. 
  5. «Diddley Daddy». Living Blues. 113-118: 27. 1994. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Glover, Tony; Scott Dirks; Ward Gaines (2002). Blues with a feeling: the Little Walter story. Routledge. s. 147–48. ISBN 978-0-415-93711-5. 
  7. Dalton, David; Lenny Kaye (1999). Rock 100: the greatest stars of rock's golden age. Cooper Square Press. s. 23. ISBN 978-0-8154-1017-1. 
  8. Loder, Kurt (February 12, 1987). «Bo Diddley: The Rolling Stone Interview». Rolling Stone (Jann S. Wenner): F.2. Arkivert frå originalen 6. juni 2008. Henta 10. juli 2017. 
  9. 9,0 9,1 Roos, John (13. juni 1998). «Better Off Dread: Chris Isaak's Gift Is Pain». Los Angeles Times. s. F.2. Henta 10. juli 2017. 
  10. Paytress, Mark (2003). The Rolling Stones: off the record. Omnibus Press. s. 31. ISBN 978-0-7119-8869-9. 
  11. Strong, Martin Charles; John Peel (2004). The great rock discography. Canongate. s. 743. ISBN 978-1-84195-615-2. 
  12. Strong 841.

Bakgrunnsstoff endre