Diskusjon:Radio

Siste kommentar: for 14 år sidan av Sigmundg i emnet Teknisk
Framstilling av modulasjon av signal omforma til amplitudemodulerte og frekvensmodulerte radiobølgjer.

Teknisk endre

Fint med meir teknologi. Men den formelen er ikkje heilt forståeleg for utanforståande. Hugs at dette er ein generell artikkel som (også) skal kunne lesast av folk utan realfagsutdanning. Er det mogleg å forklara i enkle ord kva dette dreier seg om? Burde me flytta formelen til ein artikkel om radioteknologi, eller kanskje til amplitudemodulasjon og frekvensmodulasjon?

Bildet til høgre forsvann også under dei siste redigeringane. Var det meininga, eller gjev det eit godt inntrykk av korleis AM og FM verker? --Ranveig 21. oktober 2009 kl. 19:37 (CEST)Svar

Det var mange feil i artikkelen slik han stod. Til dømen var det samanblanding av elektrisk straum og spenning. Dette er noko dei fleste har lært i fysikktimane. Eg trur ikkje at nokon har teke skad på sjela av å sjå ei likning eller to. Alle har vel lært om likningar på skulen? Det er ingen grunn til å gløyma denne lærdomen så snart eksamen er over! Dessutan er dei ulike symbola forklart under likninga. Likningar er ikkje mystiske ting. Det er eit ein måte å seia ting på slik at det ikkje så lett vert missforstått. Dessutan er det oversiktleg.
Det var ikkje meininga å fjerna bilete til høgre. Det burde foresten endrast/utvidast noko. --Sigmundg 21. oktober 2009 kl. 20:39 (CEST)Svar
Det viktigaste er sjølvsagt at det skal vera rett! Deretter kjem det fleire viktige delar som gjer ein god artikkel: At han er lett leseleg utan for mange spesialuttrykk, ikkje for langtrukken, interessant og godt illustrert, men ikkje for sensasjonalistisk, og sikkert mykje meir. Bolken eg reagerte på kravde at lesaren skulle forstå desse omgrepa: Modulert, signal, amplitude, frekvens, fase, parameter, v(t), cos, rad/s og i tillegg oppfatta dei for mange ukjende teikna ω og φ. Ein tekst som forklarer alt dette lettfatteleg vil vera ein god tekst, også med formel. Det nye som er lagt til under «Kanalar og modulasjon» er mykje meir etter min smak. Her blir stoffet godt forklart. Om modulasjonsbolken kan blir forenkla/forklart på ein liknande måte, skal eg vera godt nøgd. --Ranveig 22. oktober 2009 kl. 10:36 (CEST)Svar
Ein kan ikkje forklara radiotransmisjon utan å nytta omgrep som signal, frekvens, amplitude, osv. Ein kan kanskje skriva om hekling og juletrepynt utan å nytta teknise omgrep, men ikkje om radio. Denne bolken har trass alt titellen «Teknologi». Ikkje alle lesaararne av WP er heilt blanke i realfag. Nokre er desverre det, men dei vil likevel ikkje bry seg med å lesa om teknologi. Vi kan ikkje gå ut frå at lesarane våre er dumme, eller heilt uinteresserte i realfag. Eg trur mokre døme på praktisk bruk av trigonometri kanskje vil syna skuleelevar at det dei er i ferd med å læra kan nyttast i praksis og vera med på å innspirera dei til å læra meir. WP bør ikkje ta omsyn berre til dei som ikkje har det snev av interesse for elementær matematikk. --Sigmundg 23. oktober 2009 kl. 01:05 (CEST)Svar
Viss du ikkje vil skriva for den allmenne lesaren, kvifor har du då lagt inn stoffet i ein allmenn artikkel? Det meste av stoff kan gjerast teknisk og uforståeleg. Oppgåva til dei som kan det er å forklara såpass godt at dei fleste vil forstå det, utan å kjenna seg «dumme». --Ranveig 23. oktober 2009 kl. 11:08 (CEST)Svar
I veldig mykje av det vi skriv om er det naturleg å bruke ein del ord som kanskje ikkje alle forstår. Skriv ein om radio så må ein kunne bruke så vanlege ord som frekvens og amplitude. Begrep som treng forklaring linkar vi jo oftast til. Det vert no same problema om ein skal lese om t.d. hormon eller oselvar. Ein vil i desse (og mange fleire artiklar ) finne ord som kanskje ikkje er sjølvsagde for alle. Vi skal ikkje undervurdere lesarane heller.--Andreasv 23. oktober 2009 kl. 15:06 (CEST)Svar
Som eg skriv over er det viktig å finna balanse i einkvar artikkel. Sjølvsagt må me bruka spesialord som er viktige for å få fram tydingar. Men dersom desse ikkje er i vanleg bruk, må dei spreiast ut i teksten og forklarast der det går an. I oselvar står til dømes «klinkbygd» åleine som «vanskeleg» ord i innleiinga. Dermed får ein lesar som ikkje kjenner ordet tid til å lesa det, undra seg litt, og kanskje gå til klinkbygging for å finna utav kva det er. Men han treng ikkje slå opp på ti ulike uttrykk slik at han mister heile samanhengen.
Seinare i teksten er «båtalner» forklart i ein parentes som «21 norske tommar». Dette er ein god måte å bruka spesialistspråk på. Hormon er derimot for fortetta (og kort), og bør utvidast. --Ranveig 23. oktober 2009 kl. 15:19 (CEST)Svar
Ranveig, vi kan ikkje gå ut frå at alle WP-lesarane har like llien interesse for realfag og teknologi som deg. Det er tydeleg at du ikkje har det minste peiling på emnet du har redigert. Eg vil rå deg til å skriva om stoff du veit noko om. Tanken er truleg god, men i artiklar som handlar om teknologi gjer du etter mi meining meir skade enn gagn.
Wikepedia bør opplysa lesarane, ikke forvirra dei med ullne formuleringar som ikkje gjev meining. Som Andreasv peika på støyter ein ofte på ord ein ikkje kjenner, eller veit kva tyder. I artikkelen Biokjemi, til dømes, finn ein ordet lipid og det er gresk for meg. Men eg krev ikkje av den grunn at det skal fjernast. Om eg vil vita kva det tyder kan eg lesa om det. Eg har ofte klikka på ord som eg ikkje veit kva tyder og slik fått ei innføring i kva det handlar om. Om Ranveig ikkje veit kva frekvens står for kan ho gjera like eins. Men eg vil tru ho veit kva ordet tyder om ho legg av seg motviljen mot realfag.
Dette med manglande interesse for realfag er foresten eit stort problem i den norske skulen. Når dette vert diskutert er det fleire som meiner at grunnen kanskje kan vera at det er mange kvinnelege lærarar og at det framelis er slik at kvinnfolk ikkje er særleg interesserte i teknologi. Denne hypotesen finn stød i søknadstala til ingeniørskulane. I elektroklassar er det ofte berre nokre få kvinnelege studentar (dei fleste av desse er svært arbeidssame og vert gode ingeniørar). Om grunnen til dette er hormonar eller tradisjon veit eg ikkje.
Det har ofte i det siste vore dislutert i media at det om nokre år kan verta brist på ingeniørar i Noreg. Kanskje kan WP vera med på å kveikja interessa for ingeniørfag hjå skuleungdom, men då må det som står om teknologi «hengja på greip». --Sigmundg 23. oktober 2009 kl. 21:18 (CEST)--Sigmundg 23. oktober 2009 kl. 21:18 (CEST)Svar
No synest eg det går litt fort i svingane. Faktisk så fort at det byrjer bli usakleg. Eg har då ikkje på nokon måte kravd at me skal ta ut ordet frekvens? Eller påstått at eg ikkje veit kva det er? Det byrja med eit spørsmål om ikkje noko av det som stod under Teknologi burde flyttast til radioteknologi, og det synest eg framleis me bør tenkja på for denne bolken, som byrjer å bli svært omfangrik.
Eg lurer også på kva som var så gale i det som blei tilbakerulla her, slik at nyttige peikarar blei tekne ut og alle språkfeila eg hadde retta kom tilbake. --Ranveig 24. oktober 2009 kl. 01:57 (CEST)Svar
Radio er teknologi og artikkelen bør freista å forklara korleis radiooverføring av informasjon fungerer. Vi bør ikkje gå ut frå at alle lesarane er allergiske mot enkle likningar. Det finst dei som er det, men dei vil truleg hoppa over avsnittet «Teknologi» same kva som står der.
Oppgåva til eit oppslagsverk som WP bør vera å freista å gi lesarane høve til å læra meir om eit emne. Ei av dei største lesargruppene er truleg skuleungdom som leitar etter informasjon om eit eller anna emne. Når ein elev som er i ferd med å læra om trigonometri ser at lærdomen kan koma til praktisk nytte vil han/ho verta inspirert til å læra meir om emnet. Grunnen til at mange ikkje likar realfag er ikkje at dei er dumme, men at dei ikkje ser nytteverdien. Ein grunn til dette er truleg at mange av lærarane i grunn- og vidaregåande skule ikkje interesserer seg for realfag og teknologi. Truleg heng dette saman med at det er mange kvinnelege lærarar. Med dette meiner eg ikkje å seia at kvinnelege lærarar er dumme, men det kan vel ikkje nektast for at dei fleste av dei ikkje er særleg interesserte i teknologi. (Av ein eller annan grunn gjeld ikkje dette kjemi.). Denne haldninga meiner eg er til skade for skulesystemet. Noreg treng fleire teknologar som les og skriv nynorsk og nynorsk WP kan hjelpa til med dette.
Om lesarane finn det naudsynt å setta seg inn i nye ord og uttrykk ser eg ikkje det som ei ulempe, men som ein føremon. Å læra noko nytt krev ein viss innsats, men om lesarane finn stoffet hugkveikjande (føler at dei lærer noko nytt) treng det ikkje å vera eit slit. Om stoffet vert presentert med ein høveleg progresjon (ikkje for vanskeleg, men heller ikkje trivielt) vert det morosamt å læra. Terminologi (nye ord som lerarane støyter på) er ein viktig del av å forstå eit nytt emne. Som Andreasv peika på bør vi ikkje undervurdera lesarane. Mange (spesielt dei som enda er unge) er svært glupe og lærer fort. --Sigmundg 24. oktober 2009 kl. 07:05 (CEST)Svar
Sjølvom vi skulle gje Sigmund mykje rett i den han seier om opplæring i skolen og motivasjon av ungdom til å lære meir, er det eit godt framlegg Ranveig kjem med, når ho foreslår å klippe ut bolken om radioteknologi, og leggje han i ein eigen artikkel. Artiklane våre bør gje eit oversyn, og spesialartiklar bør konkretisere. Mange lesarar vil ramle av i eit teknisk vidløftig avsnitt, og ikkje greie å komme på sporet att til avsnittet under. Då vert dei heller ikkje motiverte til å setje seg meir inn i dei teknologiske emna. --Knut 24. oktober 2009 kl. 17:59 (CEST)Svar
Ja, det bør skrivast artikklar om modulasjon generelt, plus ulike typar modulasjon, om støy og interferens i radiokanalar, om klokkegjennvinning, om kommunikasjonsradio, og så vidare, men eg meiner at artikkelen Radio bør innehalda ei unnføring i kva radio er. Den innføringa bør ikkje vera kortare enn det som no står der. Og ho bør vera av teknisk art. Radio er teknologi. Seksjonen heiter til og med Teknologi og da bør gan handla om teknologi. Det bør òg skrivast artikklar om Kringkasting, om ulike typar kringkastarar, og så vidare. Og artiklar som hamhlar om programmateriale treng sjølvsagt ikkje ha ei teknisk vinkling. Men dei teknologifiendtlege kan ikkje forlanga at artiklar som handlar om teknologi ikkje skal ha ei einaste likning. Haldninga om at realfag er for spesielt interesserte har gjort stor skade i den norske skulen. Resultatet er at nivået på norsk vidaregåande skule ligg langt under land i sentraleuropa som det er naturleg å samanlikna seg med. --Sigmundg 24. oktober 2009 kl. 22:37 (CEST)Svar

Animert bilde endre

 

Er dette betre enn det andre? --Ranveig 23. oktober 2009 kl. 15:21 (CEST)Svar

Tilbake til siden «Radio».