Dragutin Topić
Dragutin Topić (fødd 12. mars 1971) er ein serbisk tidlegare friidrettsutøvar og basketballspelar frå Beograd, som tevla i høgdehopp for Jugoslavia og seinare Serbia. Han vart europameister i høgdehopp i 1990, og deltok i internasjonale meisterskap i 23 år.
Dragutin Topić | |
Verkeleg namn | Драгутин Топић |
Statsborgarskap | Serbia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia |
Fødd | 12. mars 1971 (53 år) Beograd |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Aktiv
endreTopić sette verdsrekord i høgdehopp for juniorar med 2,37 meter då han vann VM for juniorar i Plovdiv sommaren 1990. Tre veker seinare tok han gullmedaljen i EM i 1990 i Split. Han fekk meistertittelen med 2,34 m, ettersom han hadde færre riv i tevlinga enn Aleksej Jermelin frå Sovjetunionen og Georgi Dakov frå Bulgaria.
I 1993-sesongen forbetra Topić den nasjonale rekorden til 2,38 m, men mislukkast totalt i kvalfiseringa under VM i friidrett. To år seinare vann han høgdetevlinga under universiaden, men vart nummer åtte i VM i Göteborg. Våren 1996 vann han innandørs-EM i Stockholm, medan han sommaren 1996 var med i medaljekampen under OL i Atlanta, der han vart nummer fire med 2,32 m.
Topić vart nummer fire med 2,32 m også i friidretts-VM 1999 i Sevilla, bronsemedaljen glapp då han hadde fleire riv enn tyskaren Martin Buß. Topić kvalfiserte seg til sin siste store høgdefinale i 2005, kom på niandeplass i VM i Helsingfors. Den 20. juni 2009 vann han høgdetevlinga under Europameisterskapen for lag på Fana stadion i Bergen med 2,29 meter.
Doping
endreTopić var i 1993 utestengd i tre månader for bruk av ulovlege stimuli. I februar 2001 vart han utestengd i to år frå friidretten for bruk av nandrolon. Den perioden livnærde han seg med å spele basketball.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1990 i Split: Gullmedalje – 2,34 m, framom Aleksej Jemelin (2,34 m)
- VM 1991 i Tokyo: Nr 9 – 2,28 m
- OL 1992 i Barcelona: Nr 9 – 2,28 m
- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalifiseringa (2,20 m)
- EM 1994 i Helsingfors: Nr 5 – 2,31 m
- VM 1995 i Göteborg: Nr 8 – 2,25 m
- OL 1996 i Atlanta: Nr 4 – 2,32 m
- VM 1997 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (2,23 m)
- EM 1998 i Budapest: Nr 9 – 2,24 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 2,32 m
- OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (2,20 m)
- OL 2004 i Aten: Nr 10 – 2,29 m
- VM i 2005 i Helsingfors: Nr 9 – 2,25 m
- VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (2,19 m)
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (2,25 m -nr17)
- VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (2,15 m)
- EM 2012 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa (2,10 m)
Topić la opp etter 2012-sesongen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dragutin Topić» frå Wikipedia på tysk, den 6. november 2014.
- «Dragutin TOPIC». International Olympic Committee. Henta 17. mars 2023.
- «Dragutin Topić» (på engelsk). Olympedia. Henta 17. mars 2023.