Drive-In Saturday

Drive-In Saturday
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side

«Round and Round»

Utgjeve 6. april 1973
Innspelt Trident Studios, London
9. desember 1972
Sjanger Glamrock, kunstrock, doo-wop
Lengd 4:29
Selskap RCA Records
2352
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi 
«The Jean Genie»
(1972)
Drive-In Saturday «Time»
(1973)


«Drive-In Saturday» er ein song av David Bowie frå albumet Aladdin Sane frå 1973. Han vart gjeven ut på singel ei veke før albumet kom ut og som forgjengaren «The Jean Genie» nådde han tredjeplassen på singellista i Storbritannia.

Musikk og tekst endre

His name was always buddy
And he'd shrug and ask to stay
She'd sigh like twig the wonder kid
And turn her face away

David Bowie (1973)

Songen var inspirert av 50-tals doo-wop og skildrar korleis innbyggjarane i ei post-apokalyptisk verd (Bowie sa ein gong at året var 2033)[1] har gløymd korleis ein skal reprodusere seg, og må sjå gamle pornovideoar for å lære seg på ny korleis det skal gjerast.[2] Denne soga er omtalt som eit døme på Bowie sin «futuristiske nostalgi»,[3] der soga vert fortald frå ein innbyggjar i framtida som ser bakover i tid.

Komposisjonen var inspirert av nokre merkelege lys i eit aude landskap mellom Seattle og Phoenix, som Bowie såg frå eit tog under den amerikanske turneen hans i 1972.[2] Bowie spelar synthesizer og saksofon på songen, medan teksten nemner Mick Jagger («When people stared in Jagger's eyes and scored»), modellen Twiggy («She'd sigh like Twig the wonder kid») og Carl Jung («Jung the foreman prayed at work»).

Innspeling og utgjeving endre

Songen vart spelt på konsertar lenge før han vart spelt inn i studio, første gong i Pirate's World i Fort Lauderdale i Florida,[2] eller Celebrity Theatre i Phoenix (den 4. november 1972),[3] i følgje forskjellige kjelder. Han vart først tilbydd Mott the Hoople, men dei avslo. Bowie har sidan sagt at han ikkje forstod kvifor dei avslo.[4] I ei soge frå turneen sin i 1972, Diary of a Rock 'n' Roll Star, skriv Mott-leiaren Ian Hunter at han var fullstendig forskrekka over den komplekse popsongen då Bowie spelte han for han og skreiv at «det var litt av ein akkordsekvens». Bowie hevda på Storytellers på VH1 at han var så frustrert over at Mott the Hoople avslo songen at han barberte av seg augnebryna sine under Ziggy Stardust-turneen, noko ein kan sjå på bilete så seint som i 1974.

Bowie-versjonen vart spelt inn då han kom attende til Storbritannia frå USA-turneen, og vart gjeven ut i april 1973. Singelen låg på lista i 10 veker og nådde 3. plass i Storbritannia. B-sida, «Round and Round», var ein versjon av Chuck Berry-songen «Around and Around», ein song som vart spelt inn men ikkje nytta på Ziggy Stardust. Bowie-biografen Nicholas Pegg skildrar «Drive-In Saturday» som «ein av dei finaste songane på Aladdin Sane», samt «den store, gløymde Bowie-singelen», som han meinte kom av at songen ikkje vart gjeven ut på samlealbum før nesten 20 år etter han kom ut.[5] Biografen David Buckley har kalla «Drive-In Saturday» og «Rebel Rebel» Bowie sine «finaste singlar frå glamtida».[3]

Lister endre

Liste (1973) Plassering
UK Singles Chart 3
Irish Singles Chart 14

Innhald endre

  1. «Drive-In Saturday» (David Bowie) – 4:29
  2. «Round and Round» (Chuck Berry) – 2:39

Medverkande endre

Konsertversjonar endre

  • Eit konsertopptak frå The Public Hall, Cleveland, den 24. november 1972 vart gjeven ut på bonusplata av Aladdin Sane - 30th Anniversary Edition in 2003.
  • Bowie framførte songen på det britiske TV-showet Russell Harty Plus den 17. januar 1973. Denne framføringa vart gjeven ut på DVDen Best of Bowie.
  • I tillegg til konsertane i 1972-1974, vart songen spelt av Bowie i 1999, mellom anna på VH1 Storytellers.

Andre utgjevingar endre

Andre versjonar endre

  • The Diamonds på albumet Million Copy Hit Songs Made Famous By Elton John & David Bowie
  • Joe Jackson på albumetLive: New York Club Dates
  • The Turn på albumet Ashes To Ashes: A Tribute To David Bowie in 1998
  • Def Leppard på albumet Yeah!
  • Morrissey spelte songen på konsert i in New York City og under den amerikanske turneen hans i 2007. Eit opptak er gjeven ut som B-side til singelen «All You Need Is Me» i 2008.

Kjelder endre

  1. Dave Thompson "Drive-In Saturday". allmusic. Henta 3. februar 2016.
  2. 2,0 2,1 2,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.53
  3. 3,0 3,1 3,2 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.175-185
  4. Kurt Loder & David Bowie (1989). Sound and Vision: CD liner notes
  5. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.67

Bakgrunnsstoff endre