Silvia av Sverige

(Omdirigert frå Dronning Silvia av Sverige)

Silvia (fødd Silvia Renate Sommerlath23. desember 1943) er dronning av Sverige og gift med kong Carl XVI Gustaf av Sverige.

Silvia

FøddSilvia Renate Sommerlath
1943-12-2323. desember 1943
Heidelberg i Tyskland
TittelDronning av Sverige
Alle titlarDronning av Sverige
Fullt namnSilvia Renate
Hus eller slektBernadotte
LandSverige
MorAlice Sommerlath
FarWalther Sommerlath
EktefelleCarl XVI Gustaf
BarnVictoria av Sverige, Carl Philip av Sverige, Madeleine av Sverige
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien

Silvia Sommerlath vart fødd i Heidelberg i Tyskland under andre verdskrigen, som einaste dotter til direktør Walther Sommerlath og den brasilianske kona hans Alice, fødd de Toledo.

Silvia tok studentereksamen i Düsseldorf i 1963 og under andre halvdel av 1960-talet utdanna ho seg til tolk i München. Ho arbeidde ei tid på Argentina sitt konsulat i München, deretter arbeidde ho med førebuingane til Sommar-OL 1972 i byen. I 1973 vart ho viseprotokollsjef for organisasjonskomitéen for Vinter-OL 1976 i Innsbruck i Austerrike.

Under dei olympiske leikane i München trefte Silvia den dåverande kronprinsen i Sverige, Carl Gustaf, og den 12. mars 1976 vart forlovinga deira kunngjort. Dei gifte seg 19. juni 1976 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm, og fekk borna Victoria, Carl Philip og Madeleine.

Dronning Silvia vart tildelt Storkrossen av St. Olavs Orden i 1982.

Titlar endre

Hennar Majestet Dronning Silvia av Sverige

Galleri endre

Silvia av Sverige

Kjelder endre