Duba i Saudi-Arabia

Duba (arabisk ضبا) er ein liten by ved den nordlege kysten av Raudehavet i provinsen Tabuk i Saudi-Arabia. Dei lokale innbyggjarane kallar han Perla ved Raudehavet. Innbyggjartalet er kring 22 000.[1]

Duba
ضبا
by
Land  Saudi-Arabia
Emirate provinsen Tabuk
Koordinatar 27°20′57.3″N 35°41′46.2″E / 27.349250°N 35.696167°E / 27.349250; 35.696167
Folketal 22 000
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Duba i Saudi-Arabia
27°20′57″N 35°41′46″E / 27.3493°N 35.6962°E / 27.3493; 35.6962
Wikimedia Commons: Duba, Saudi Arabia

Historie endre

Dei første kjeldene som nemner Duba er frå 1203. Salmadalen og Kafafahdalen var alt kjend fleire hundreår før.

Den gamle grekaren Ptolemaios nemnde ei handelsrute som gjekk frå Kafafah til Lihyan (dagens Al-`Ula). Sjeik Abdulghani Al Nabulsi skreiv om Duba i 1790, då han reiste til Mekka for hajj.

Historisk har Duba vore ein del av Madian og byen er nemnt i gamle islamske skrifter. I følgje Koranen slo profeten Moussa seg ned i Madian (regionen byrjar frå Jordanelva og strekkjr seg til byen Duba) der profeten Shoaib tok i mot han.

Dei osmanske tyrkarane bygde festningsverk i byen for å verne ruta frå Egypt til Arabia.

Etter den saudiarabiske erobringa av byen i 1933, bygde kong Abdulaziz borga si her same året.

Geografi endre

Duba ligg nordvest i Saudi-Arabia på kysten av Raudehavet langs den egyptiske vegen for hajj, kring 300 km frå grensa til Egypt, Jordan og Israel. Duba omfattar tre dalar, Dahkan i nord, Salma og Kafafah i sør. Han ligg 800 km from Jidda / Mekka via kysthovudvegen som passerer gjennom den store hamne- og industribyen Yanbu.

Duba er ein hamneby og ferje og skip vert operert her for Egypt og Jordan. Ein kan nå hamnebyane Hurghada og Safaga i Egypt på tre timar med ferje. Byben ligg strategisk til ved innløpet til Akababukta som endar ved Eilat (Israel) og Aqaba (Jordan).

Klima endre

Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet her som varmt ørkenklima (BWh).[2]

Vêrdata for Duba
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 22,4 24 26,4 29,2 32,5 34,6 35,6 35,8 34 31,8 27,7 23,5 29,8
Døgnmiddeltemperatur °C 16,9 18,2 20,7 23,5 27,2 29,4 30,6 30,8 29 26,4 22,2 18 24,4
Gjennomsnittleg min °C 11,4 12,5 15,1 17,9 21,9 24,3 25,6 25,8 24 21 16,8 12,6 19,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 1 1 1 0 1 0 0 0 0 1 4 2 11
Kjelde: Climate-Data.org (høgd: 15m)[2]


Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre