Opna hovudmenyen

Dvergplaneten Ceres

dvergplanet

Ceres (småplanetnemning 1 Ceres) er den minste dvergplaneten i solsystemet, og den einaste i asteroidebeltet. Ceres vart oppdaga 1. januar 1801 av Giuseppe Piazzi og er namngitt etter den romerske gudinna for veksande planter, innhausting og morskjærleik. Romsonden Dawn gjekk inn i bane kring Ceres 6. mars 2015.

Ceres
PIA19562-Ceres-DwarfPlanet-Dawn-RC3-image19-20150506.jpg
Ceres fotografert av romsonden Dawn
Oppdaging A
Oppdaga av Giuseppe Piazzi
Oppdaga dato 1. januar 1801
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5)
Solfjerne (aphel, Q) 447,008 mill. km (2,988 AE)
Solnære (perihel, q) 380,890 mill. km (2,546 AE)
Stor halvakse (a) 413,949 mill. km (2,767 AE)
Eksentrisitet (e) 0,080
Omløpsperiode (P) 1681,243 d (4,60 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,91 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 0,744°
Banehelling (i) 10,581°
Lengda til oppstigande knute ) 80,464°
Perihelargument (ω) 73,947°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 959,2·932,6 km
Masse 9,445·1020 kg
Tettleik 2,05 g/cm³
Overflategravitasjon 0,26 m/s²
Unnsleppingsfart 0,51 km/s
Rotasjonsperiode 0,3781 d
Albedo 0,113
Spektralklasse C
Absolutt storleiksklasse: 3,34
Overflatetemperatur: ~167 K

Ceres er med sine 950 km i diameter den desidert største og mest massive lekamen i asteroidebeltet og utgjer omtrent ein tredjedel av den totale massen i regionen. Ceres har ei sfærisk form i motsetning til dei fleste lekamar med svakare tyngdekraft.

Ceres vart fyrst klassifisert som ein planet, deretter som ein asteroide. 24. august 2006 vedtok IAU nye klassifiseringar av lekamar i solsystemet som medførte at Ceres vart klassifisert som ein dvergplanet.

Lyse flekkar i krateret Occator, truleg sette saman av heksahydritt[1]
Det 6 kilometer høge fjellet Ahuna Mons på Ceres. Opphavet er ukjent.
Grøfta Gerber Catena på Ceres

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra