Andrej Mikhnevitsj

Andrej Mikhnevitsj[a] (fødd 12. juli 1976) er ein kviterussisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i kulestøyt. Han vart verdsmeister i øvinga i 2003, og vann elles ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar i dei store internasjonale meisterskapane. Mikhnevitsj vart dømd for doping og til sist utestengd frå friidrett på livstid.

Andrej Mikhnevitsj


Statsborgarskap Belarus
Fødd 12. juli 1976 (47 år)
Babrujsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Æresordenen

Aktiv endre

Mikhnevitsj vart kviterussisk meister i kulestøyt i 2000. Same sesongen vart han nummer ni i sin fyrste store finale, OL-tevlinga i Sydney i 2000. Året etter vart han tiandemann i verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton, før han straks etterpå vart utestengd i to år for brot på dopingreglementet.

17 dagar etter utestenginga var over vann Mikhnevitsj gullmedaljen i kulestøyt under VM 2003 med 21,69 m, ny personleg rekord. Same året vann han kuletevlinga også i universiaden. Hans beste prestasjon i OL-året 2004 var ein fjerdeplass under Sommar-OL i Aten.

I 2005 vart Mikhnevitsj kviterussisk meister for andre gong. Ved verdsmeisterskapen 2005 i Helsingfors fekk han sjetteplassen etter å han nådd 20,74 m i sitt beste støyt. Han to så sølvmedaljen i driidretts-EM med eit støyt på 21,11 m, slått med to centimeter av tyskaren Ralf Bartels. I VM 2007 i Osaka kom Mikhnevitsj på tredjeplass og tok si tredje medalje i ein internasjonalt meisterskap.

Mikhnevitsj tok nok ein bronsemedalje under dei olympiske leikane 2008 i Beijing. Med 21,01 meter vart han nummer ein ved EM 2010 i Barcelona, men vart tre år seinare frådømd gullmedaljen for dopingbruk. Året etter kom han på bronseplassen under friidretts-VM i Daegu.

Doping endre

Mikhnevitsj var fyrst utestengd frå friidretten i to år frå 7. august 2001. I mars 2013 vart det så i ei prøve frå VM 2005 funne spor av dei forbodne stoffa clenbuterol, metandienon og oxandrolon. Det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF, vedtok i juli 2013 å stenge han ute frå friidretten for livstid. Friidrettsforbundet annullerte alle IAAF-resultata hans oppnådd etter august 2005.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Kviterussisk skrift Андрэй Міхневіч

Bakgrunnsstoff endre