Earl Slick (fødd Frank Madeloni1. oktober 1952) er ein amerikansk gitarist, mest kjend for samarbeidet sitt med David Bowie, Jim Diamond og Robert Smith, sjølv om han òg har arbeidd med andre artistar (John Lennon: Double Fantasy, Milk and Honey, Yoko Ono), John Waite, og gjeve ut soloplater.

Earl Slick

Fødd1. oktober 1952 (71 år)
FødestadBrooklyn
OpphavUSA
Aktiv1970–
Sjangerbluesrock, rock
Instrumentgitar, akustisk gitar
Verka somgitarist, låtskrivar

Tidleg i 1970-åra vart Earl Slick kjend i musikkmiljøet i New York som ein talentfull rockegitarist då han spelte i bandet Mack Truck med songar og låtskrivar Jimmy Mack og broren Jack Mack på trommer. Han arbeidde med den skotske musikaren Jim Diamond som duetten Slick Diamond. dei turnerte i lag ein kort periode seint i 1970-åra.

Slick vart opphavleg hyrt inn av David Bowie for å erstatte Mick Ronson som sologitarist for Diamond Dogs-turneen i 1974 (konsertalbumet David Live vart spelt inn under denne turneen). Slick spelte òg sologitar på Bowie-albuma Young Americans (1975) og Station To Station (1976). Det var den kraftfulle spelinga til Slick som gjorde songen «Stay» på Station to Station til ein favoritt hos tilhengjarane til Bowie. Etter å ha kome på kant med managementet til Bowie, vart Slick erstatta som sologitarist før Station To Station-turneen (1976) av Stacey Heydon. Slick starta då å spele for Leo Sayer, Ian Hunter, John Lennon og Yoko Ono. Han starta òg eit soloband.

Slick kom attende til Bowie i 1983 for Serious Moonlight-turneen etter Let's Dance. Slick danna så Phantom, Rocker & Slick med Slim Jim Phantom og Lee Rocker. I 1990 samarbeidde Slick med Dirty White Boy og gav ut albumet Bad Reputation (1990).

Tidleg i 2000-åra vart Slick igjen foreint med Bowie og spelte på turneane etter Heathen (2002) og Reality (2003).

I februar 2011 vart det kjend at Slick hadde slått seg saman med New York Dolls for turneen deira i mars.[1]

Diskografi endre

  • The Earl Slick Band (1976)
  • Razor Sharp (1976)
  • Silver Condor (1981)
  • In Your Face (1991)
  • Lost and Found (2000)
  • Live 1976 (2001)
  • Slick Trax (2002)
  • Zig Zag (2003)

Med Phantom, Rocker, and Slick endre

  • Phantom Rocker And Slick (1985)[2]
  • Cover Girl (1986)[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre