Edmund Henry Hynman Allenby (23. april 186114. mai 1936) var ein britisk feltmarskalk som kjempa i fleire kolonikrigar og fyrste verdskrigen.[1]

Edmund Allenby

Fødd23. april 1861
FødestadNottinghamshire
Død14. mai 1936
DødsstadLondon
Rangfeltmarskalk, general
EiningBritish Army
Konfliktarden fyrste verdskrigen, andre boerkrig, Slaget om Megiddo, Slaget ved Mons, Det andre slaget om Ieper, Slaget om Arras, Slaget ved Beersheba
AdelstittelViscount Allenby

Allenby tente i kavaleriet, og deltok 1884-85 i krig i Bechuanaland (Botswana), 1888 i Zululand og 1899-1902 i boarkrigen. Frå 1914 til 1917 kriga han i Frankrike, der han hadde ulike leiarposisjonar. I 1917 leia han den tredje arme i slaget ved Arras. Størst ry vann Allenby i striden mot tyrkarane i Egypt og Palestina. Han leia britiske styrkar til sigrar i Syria og Gaza.[1]

Frå 1919 til 1925 var Allenby britisk høgkommissær i Egypt og Sudan. Under hans styring vart det britiske protektoratet over Egypt oppheva i 1922, noko som med tida skulle leie til at Egypt vart ein suveren stat.[1]

Kjelder endre