Eurovision Song Contest 1998

Eurovision Song Contest 1998 var den 43. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga fann stad i National Indoor Arena i Birmingham i Storbritannia laurdag 9. mai 1998. Arrangementet blei produsert av britiske BBC som følgje av Storbritannia sin siger året før med Katrina and the Waves og «Love Shine a Light». Programleiarar var svenskfødde Ulrika Jonsson og den mangeårige Eurovision-kommentatoren for BBC Terry Wogan. Dette var rekordhøge åttande gongen at Storbritannia stod vertskap for Eurovision Song Contest; og det skulle gå 25 år før landet igjen var vertskap.

Eurovision Song Contest 1998
Offisiell tittel
43. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 9. mai 1998
Vertskap
Stad
National Indoor Arena i Birmingham i Storbritannia
Programleiar(ar)
Ulrika Jonsson
Terry Wogan
Kringkastar(ar)
BBC
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
25
Debuterte
Makedonia
Attende
Belgia
Finland
Israel
Romania
Trekte seg
Italia
Ikkje med
Austerrike
Bosnia-Hercegovina
Danmark
Island
Russland
Kart
Røysting
Vinnar
Israel med «Diva» av Dana International
Eurovision Song Contest
Dublin 1997 Jerusalem 1999

Dette året blei banebrytande på fleire måtar. For fyrste gang blei telefonavrøysting teken i bruk i stor skala, og dimed var det for fyrste gong sjåarane som kåra vinnaren. Dette blei også siste året songane blei akkompagnert av eit orkester, og det var siste året landa måtte syngje på sitt eige språk. Året etter fjerna EBU både orkesteret og språkregelen.

Til saman deltok 25 land i finalen. Makedonia debuterte, mens Italia trekte seg frå tevlinga og kom ikkje tilbake før i 2011. Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark, Island og Russland måtte stå over dette året, sidan dei hadde lågast snittpoengsum i femårsperioden 1993–1997. Belgia, Finland, Israel, Romania og Slovakia var tilbake etter å ha stått over tevlinga i 1997.

Vinnaren blei Israel som var representert av transkvinna Dana International. Ho song «Diva» og vann ein knapp siger framfor Storbritannia og Malta. Dette var den femtande andreplassen til Storbritannia, mens Malta tangerte si beste plassering til då. Nederland blei nummer fire, mens Kroatia enda på femteplass. Noreg var representert av Lars A. Fredriksen, som song «Alltid sommer». Det norske bidraget enda på ein åttandeplass med 79 poeng.

Bakgrunn

endre
 
National Indoor Arena, i dag kjend som Arena Birmingham.

Etter sigeren året før med Katrina and the Waves og «Love Shine a Light» var Storbritannia vertskap for åttande gong. BBC arrangerte finalane i 1968, 1977 og 1982, og i tillegg hadde kringkastaren teke på seg arrangørjobben i 1960, 1963, 1972 og 1974.

BBC la Eurovision Song Contest til National Indoor Arena i Birmingham. Under sendinga var det rundt 4000 publikummarar i salen.[1][2][3]

Programleiarar var Ulrika Jonsson og Terry Wogan. Terry Wogan var ein britisk discjockey og programleiar. Han var kjend som Eurovision-kommentator for BBC, ei rolle han hadde hatt sidan 1971. Wogan kommenterte også denne sendinga for BBC – trass i at han var programleiar. Wogan laup til kommentatorboksen etter opninga og kommenterte fram til og med avrøystinga. Etter avrøystinga var han tilbake på scena saman med Jonsson.[2]

Kvalifisering

endre

På grunn av at stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, innførte EBU eit meir permanent kvalifiseringssystem frå 1997. EBU sette også dette året deltakartalet til 25 land: vinnarlandet frå 1997 og dei 17 landa med høgast gjennomsnittspoengsum i perioden 1993–1997. I tillegg fekk dei sju landa som ikkje var kvalifisert i 1997 tilbod om å delta i 1998.[4][5]

Belgia, Finland, Israel, Romania og Slovakia var tilbake etter å ha måtta stå over året før. I tillegg gjorde Makedonia sin debut i Eurovision Song Contest. Landet gjekk fram til 2019 under namnet «Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia» (engelsk F.Y.R. Macedonia) i Eurovision-samanheng, for å unngå forveksling med gresk Makedonia.[6]

Italia trekte seg frå Eurovision Song Contest etter å gjort ein mellombels retur året før. Italia skulle fyrst komme tilbake i tevlinga igjen i 2011. Tyskland fekk då plassen til Italia, mens Austerrike, Bosnia-Hercegovina, Danmark, Island og Russland måtte stå over, fordi de hadde lavest snittpoengsum i femårsperioden 1993–1997.[7]

Startrekkefølgja blei avgjort på førehand ved loddtrekking. Kroatia opna showet, mens debutanten Makedonia avslutta. Noreg fekk startnummer 22.

Under er kvalifiseringsoversikta for dei aktuelle landa:

Kvalifiseringstabell for 1998[a]
Rang Land Snitt Mottekne poeng per år[8][9][10][11][12]
1993 1994 1995 1996 1997
Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert
1   Storbritannia 121,40 164 63 76 77 227
Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1993–1997
2   Irland 155,20 187 226 44 162 157
3   Noreg 91,60 120 76 148 114 0
4   Frankrike 80,40 121 74 94 18 95
5   Malta 75,20 69 97 76 68 66
6   Sverige 74,60 89 48 100 100 36
7   Polen 66,50 166 15 31 54
8   Kypros 63,40 17 51 79 72 98
9   Spania 61,40 58 17 119 17 96
10   Estland 59,33 2 94 82
11   Ungarn 54,67 122 3 Ikke kval. 39
12   Kroatia 54,20 31 27 91 98 24
13   Tyrkia 52,25 10 21 57 121
14   Hellas 50,20 64 44 68 36 39
15   Sveits 47,50 148 15 22 5
16   Portugal 46,00 60 73 5 92 0
17   Nederland 44,75 92 4 78 5
18[b]   Slovenia 42,25 9 84 16 60
19[b]   Tyskland 42,25 18 128 1 Ikke kval. 22
Kvalifisert etter å ha stått over i 1997
20   Israel 42,50 4 81 Ikke kval.
21   Slovakia 17,00 15 19
22   Romania 14,00 14 Ikke kval.
23   Finland 13,33 20 11 9
24   Belgia 11,00 3 8 22
25   Makedonia Ikke kval.
Ikkje kvalifisert for finalen i 1998
26   Danmark 42,00 9 92 Ikke kval. 25
27   Russland 40,00 70 17 Ikke kval. 33
28   Austerrike 39,60 32 19 67 68 12
29   Island 38,20 42 49 31 51 18
30   Bosnia-Hercegovina 23,00 27 39 14 13 22
Stod over
  Italia 79,50 45 114
  Luxembourg 11,00 11
  Litauen 0,00 0

Sendinga

endre

Finalen opna med ein kortfilm med bilete frå Birmingham, før programleiar Terry Wogan inntok scena i National Indoor Arena og ønskte sjåarane velkommen på engelsk og fransk. Det blei også vist opptak frå finalen i 1960, fyrste gongen BBC arrangerte tevlinga. Katie Boyle, som var programleiar i 1960, 1963, 1968 og 1974, var til stades i salen i Birmingham og blei hylla av publikum. Fjorårsvert Carrie Crowley var også til stades via satellitt, og Wogan takka ho og irske RTÉ for innsatsen året før. Deretter kom med-programleiar Ulrika Jonsson på scena og fortalde sjåarane at resultatet skulle avgjerast via telefonavrøystinga. De såkalla postkortfilmane mellom kvart bidrag viste bilete frå ulike stadar i Storbritannia, og deretter flagget til det respektive landet.

Dette var siste året at deltakarane måtte synge på sitt eige språk, for året etter blei språkkravet fjerna for godt. Det var også siste året med eit levande orkester; sidan 1999 har all musikk vore ferdiginnspelt på band. Landa kunne bruke ferdiginnspelt musikk også i 1998, noko fleire av deltakarlanda valde å gjere, med dei fleste landa brukte levande musikk i salen, framført av konsertorkesteret til BBC.

 
Tyske Guildo Horn sørga for ei minneverdig framføring.

Blant deltakarane dette året var det særleg Tyskland og Israel som gjorde seg merka på førehand. Tyske Guildo Horn var ein kjend komikar i Tyskland og stod for ei minneverdig framføring.[13][14] Han hoppa frå scena to gongar under sin framføring, ringte med kubjøller og helsa på publikum før han avslutta med å hoppe opp på eit stillas høgt over scena. Det tyske bidraget kom på ein sjuandeplass.

Israel stilte med artisten Dana International og songen «Diva». Ho hadde gjennomgått ein kjønnskorrigerande operasjon i 1993 og var den fyrste transpersonen som deltok i tevlinga. Artistvalet av Israel fekk brei mediaomtale, men møtte også kritikk og protestar frå delar av det ortodokse miljøet i Israel.[15][16] All medieomtalen gjorde Israel til favoritt, og etter ei svært jamn avrøysting vann Dana International ein knapp siger – seks poeng foran Storbritannia og sju poeng framfor Malta på tredjeplass. Dette var den tredje sigeren til Israel i tevlinga; dei to fyrste kom i 1978 og 1979. Etter sigeren erklærte Dana International at ho gav sigeren «til alle verdas homsar».[17] Men sigeren var omdiskutert, også i Noreg.[18] I Israel prøvde også ultraortodokse jøder å forhindre at landet skulle arrangere finalen året etter.[19]

Imaani var den fyrste farga artisten som representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest og fekk ein andreplass med «Where Are You?». Dette var den 15. andreplassen til Storbritannia.

Pausenummeret var eit musikalsk potpurri som skulle vise Storbritannia som ein moderne og multietnisk nasjon. Blant deltakarane var Lesley Garrett og fiolinisten Vanessa-Mae.

Det norske bidraget

endre

Lars A. Fredriksen, kjend frå Oslo Gospel Choir, var den norske representanten i Birmingham. Han framførte songen «Alltid sommer» som hadde vunne ein klår siger i den norske finalen i februar same år. Under den norske finalen hadde songen engelsk tekst, «All I Ever Wanted (Was You)». Bakgrunnen var at NRK ønskte å modernisere tevlinga og å nå fleire låtskrivarar. Vinnarsongen var komponert av David Eriksen, mens Per Kristian Ottestad skreiv den engelske teksta.

I Eurovision Song Contest måtte framleis deltakerlanda synge på sitt nasjonalspråk, og songen blei difor omsett til norsk med tittelen «Alltid sommer». Den norske teksta var skriven av systera til Fredriksen, Linda Andernach Johannesen.[20] I den internasjonale finalen var Noreg nummer 22 ut på scena, og med på scena var koristane Aina Andreassen, Åshild Stensrud, Ole-Marius Johnson, Håvard Gryting og Lars Aass.[21] Geir Langslet dirigerte BBC-orkesteret under den norske framføringa. Under prøvene hadde det vore fleire utfordringar for den norske delegasjonen. BBC hadde rota bort eit lydband med trommar som NRK hadde sendt på førehand. Lydbandet skulle brukast saman med orkesteret, men BBC-orkesteret trudde dei ikkje skulle spele under det norske bidraget. Misforståingane gjorde at den fyrste prøva til Noreg gjekk svært dårleg, men utfordringane blei rydda av vegen utover finaleveka, og under finalen fungerte alt som det skulle for Noreg.[22]

Jostein Pedersen kommenterte sendinga for NRK1, mens Stein Dag Jensen kommenterte på NRK P1.[23][24] Ragnhild Sælthun Fjørtoft las opp dei norske poenga via satellitt frå NRK Marienlyst i Oslo. I avrøystinga kom Noreg på åttandeplass med 79 poeng, derav 12 kom frå svenske sjåarar.

Avrøystinga

endre
 
Dana International vann Eurovision Song Contest for Israel.

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting. Dette var fyrste gongen telefonavrøysting blei brukt i full skala til å avgjere resultatet; året før hadde fem land brukt telefonavrøysting som ei forsøksordning. Sjåarane fekk røyste i fem minuttar før linjene stengte, men kvart land hadde ein reservejury på åtte personar i tilfelle telefonnettet skulle bryte saman.

Fire av landa – Slovakia, Ungarn, Romania og Tyrkia – fekk dispensasjon til å bruke jury, ettersom landa ikkje hadde god nok teknisk infrastruktur til å gjennomføre ei omfattande telefonavrøysting. Tevlingssjef og overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Skepsis mot telefonavrøysting

endre

På førehand hadde fleire land vore skeptiske til å bruke telefonavrøysting i staden for dei tradisjonelle juryane. Også i Noreg var det skepsis, særleg på grunn av at telenettet ikkje kunne handtere alle samtalane.[25] Under den norske finalen same år prøvde 440 000 å røyste, men berre 63 000 kom gjennom.[26] Men NRK valde å bruke telefonavrøysting også under den internasjonale finalen, og 14 327 norske røyster blei registrert i løpet av dei fem minutta avrøystinga varte. Av desse fekk Malta flest, med rundt 3000 røyster.[27][28]

Eit anna ankepunkt mot telefonavrøysting var moglegheita for at sjåarane i Europa ville røyste på dei same landa – slik at mange land ville ende opp med få eller ingen poeng.[25] Frykta skulle vise seg å vere ugrunna, for avrøystinga blei ei av dei mest spennande på mange år.

Undervegs veksla ei rekkje land på å leie, og det var heile vegen uklårt kven som ville vinne. Då eit land stod igjen for å røyste, låg Malta og Israel likt, men Malta fekk ingen poeng, mens Israel fekk åtte poeng og dimed vann. Dette var fyrste gongen på fem år at vinnaren ikkje blei avgjord før dei aller siste poenga kom inn.

Tyskland var favoritt hos dei spanske sjåarane, men ein feilregistrering gjorde at Tyskland ikkje fekk noko poeng frå Spania under avrøystinga. Feilen blei retta opp etter sendinga og førte til at Tyskland hoppa opp ei plassering og dytta Noreg ned frå sjuande- til åttandeplass.

Deltakarar

endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[29] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plassering og poengsummen finst i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Norsk omsetjing Plass Poeng
01   Kroatia Danijela Martinović «Neka mi ne svane» Kroatisk Måtte daggryet aldri stige 5 131
02   Hellas Dionusía Karóki og Thálassa «Mia kryfí evesthisía» Gresk Ein skjult illusjon 20 12
03   Frankrike Marie Line «Où aller» Fransk Kvar gå? 24 3
04   Spania Mikel Herzog «¿Qué voy a hacer sin ti?» Spansk Kva skal eg gjere utan deg? 16 21
05   Sveits Gunvor «Lass ihn» Tysk La han 25 0
06   Slovakia Katarína Hasprová «Modlitba» Slovakisk Ei bøn 21 8
07   Polen Sixteen «To takie proste» Polsk Det er så enkelt 17 19
08   Israel Dana International «Diva» Hebraisk Diva 1 172
09   Tyskland Guildo Horn «Guildo hat euch lieb!» Tysk Guildo elskar dykk! 7 86
10   Malta Chiara «The One That I Love» Engelsk Den som eg elskar 3 165
11   Ungarn Charlie «A holnap már nem lesz szomorú» Ungarsk Tristleiken er borte i morgon 23 4
12   Slovenia Vili Resnik «Naj bogovi slišijo» Slovensk La gudane høyre 18 17
13   Irland Dawn Martin «Is Always Over Now?» Engelsk Er alltid over no? 9 64
14   Portugal Alma Lusa «Se eu te pudesse abraçar» Portugisisk Om eg kunne omfamne deg 12 36
15   Romania Mălina Olinescu «Eu cred» Rumensk Eg trur 22 6
16   Storbritannia Imaani «Where Are You?» Engelsk Kvar er du? 2 166
17   Kypros Mikhális Khatzijánnis «Jénesis»  Gresk Byrjing 11 37
18   Nederland Edsilia Rombley «Hemel en aarde» Nederlandsk Himmel og jord 4 150
19   Sverige Jill Johnson «Kärleken är» Svensk Kjærleiken er 10 53
20   Belgia Mélanie Cohl «Dis oui» Fransk Sei ja 6 122
21   Finland Edea «Aava» Finsk Ope landskap 15 22
22   Noreg Lars A. Fredriksen «Alltid sommer» Norsk 8 79
23   Estland Koit Toome[30] «Mere lapsed» Estisk Born av havet 12 36
24   Tyrkia Tüzmen «Unutamazsın» Tyrkisk Du kan ikkje gløyme 14 25
25   Makedonia Vlado Janevski «Ne zori, zoro»  Makedonsk Ikkje stig, daggry 19 16

Røystegjeving

endre

Land markert med lilla brukte jury, dei andre landa hadde telefonrøysting. Spania gav feil poeng under direktesendinga, men feilen vart retta opp etter finalen. Under er dei korrekte poenga. Tavla er ordna etter rekkefølgja på røystegjevinga i finalen.[31]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                                 
  Kroatia 5 8 1 5 10 6 10 10 10 12 3 2 2 7 4 3 5 3 6 3 4 12 131 5
  Hellas 12 12 20
  Frankrike 1 2 3 24
  Spania 1 4 6 3 4 3 21 16
  Sveits 0 25
  Slovakia 8 8 21
  Polen 2 5 2 10 19 17
  Israel 10 12 10 10 10 7 12 7 6 12 7 5 10 6 5 10 10 3 7 5 8 172 1
  Tyskland 3 12 12 8 8 10 6 6 12 7 1 1 86 8
  Malta 7 6 6 5 8 12 8 7 8 7 3 12 5 12 5 8 6 8 5 12 5 10 165 3
  Ungarn 1 1 2 4 23
  Slovenia 3 2 5 4 3 17 18
  Irland 2 2 4 2 2 6 6 1 1 8 8 1 4 2 8 7 64 9
  Portugal 1 10 6 2 2 2 2 1 6 4 36 12
  Romania 6 6 22
  Storbritannia 12 7 3 3 3 1 7 12 1 8 10 5 5 6 12 8 7 7 6 8 5 8 12 10 166 2
  Kypros 4 12 5 1 1 1 4 4 3 2 37 11
  Nederland 10 8 5 4 7 6 5 8 6 7 12 10 7 10 8 12 7 8 7 3 150 4
  Sverige 3 4 8 2 1 5 6 10 12 2 53 10
  Belgia 4 7 7 4 7 12 5 4 3 3 6 7 8 7 6 10 2 7 6 1 6 122 6
  Finland 10 1 10 1 22 15
  Noreg 8 1 4 4 3 5 5 10 4 3 4 3 3 12 4 2 4 79 8
  Estland 2 8 1 4 2 1 2 4 12 36 12
  Tyrkia 5 12 2 1 5 25 14
  Makedonia 6 3 4 3 16 19

12 poeng

endre

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er lista over land som fekk 12 poeng i finalen:

Tal Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
4   Malta Irland, Noreg, Slovakia, Storbritannia
  Storbritannia Israel, Kroatia, Romania, Tyrkia
3   Israel Frankrike, Malta, Portugal
  Tyskland Nederland, Spania, Sveits
2   Kroatia Makedonia, Slovenia
  Nederland Belgia, Ungarn
1   Belgia Polen
  Estland Finland
  Hellas Kypros
  Kypros Hellas
  Noreg Sverige
  Sverige Estland
  Tyrkia Tyskland

Hendingar

endre

Under prøvene oppstod det usemjer mellom BBC-produsentane og den greske delegasjonen. Komponisten til Hellas, Jánnis Valvis, var misfornøgd med at produsentane ikkje viste bilete av artisten Dionusía Karóki mens ho utførte nokre dansegrep med armane.[32] Valvis leverte inn fleire protestar, men hovudprodusent Geoff Posner stod på sitt. Under siste prøve protesterte Valvis med å stå på scena, noko som fekk EBU og BBC til å nekte han adgang til arenaen på finaledagen. Den greske kringkastaren ERT truga med å trekkje seg fra tevlinga, men ombestemte seg like før den siste generalprøven og deltok som planlagt.[32] Bidraget fekk til slutt berre 12 poeng – alle frå nabolandet Kypros.

Under prøvene viste også det tyrkiske bidraget seg å vare elleve sekundar meir enn dei påkravde tre minutta.[32] Produsentene bad den tyrkiske dirigenten om å spele songen raskare, noko han meinte var umogleg på grunn av dei mange temposkifta i songen. Under den tredje prøven varte songen i 3 minutter og 7 sekundar, noko som førte til spekulasjonar om Tyrkia kunne bli diskvalifisert fra tevlinga. Men under sjølve finalen klarte dirigenten å få spela songen på 2 minutter og 59 sekunder – akkurat nok til å halde Tyrkia inne i tevlinga.[32]

Under avrøystinga kom programleiar Ulrika Jonsson med ein ufriviljug morsom kommentar då ho skulle kalle opp den nederlandske poengopplesaren Conny Vandenbos. Då Vandenbos fortalde at ho sjølv hadde delteke i tevlinga, svara Jonsson: «A long time ago, was it?» (var det lenge sida, eller?).[33] Den tilsynelatande fornærmande kommentaren førte til eit latterbrøl frå publikum.[34]

Dirigentar

endre

Mens Martin Koch var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over deltakerlanda sine dirigentar, lista etter startrekkefølgja.[35] Dette var siste året med levande musikk og orkester i Eurovision Song Contest, og dimed også siste året med dirigentar.

Land Dirigent
  Kroatia Stipica Kalogjera
  Hellas Ingen dirigent
  Frankrike Ingen dirigent
  Spania Alberto Estébanez
  Sveits Ingen dirigent
  Slovakia Vladimír Valovič
  Polen Wiesław Pieregorólka
  Israel Ingen dirigent
  Tyskland Stefan Raab
  Malta Ingen dirigent
  Ungarn Miklós Malek
  Slovenia Mojmir Sepe
  Irland Noel Kelehan
  Portugal Mike Sergeant
  Romania Adrian Romcescu
  Storbritannia James McMillan
  Kypros Kóstas Kakojánnis
  Nederland Dick Bakker
  Sverige Anders Berglund
  Belgia Ingen dirigent
  Finland Olli Ahvenlahti
  Noreg Geir Langslet
  Estland Heiki Vahar
  Tyrkia Ümit Eroğlu
  Makedonia Aleksandar Dzjambazov

Kommentatorar og poengopplesarar

endre

Poengopplesarar

endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over satellitt.[5][36] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1.   Kroatia – Davor Meštrović [37]
  2.   Hellas – Aléxis Kostálas
  3.   Frankrike – Marie Myriam[38]
  4.   Spania – Belén Fernández de Henestrosa
  5.   Sveits – Regula Elsener
  6.   Slovakia – Alena Heribanová
  7.   Polen – Jan Chojnacki
  8.   Israel – Yigal Ravid[39]
  9.   Tyskland – Nena
  10.   Malta – Stephanie Spiteri
  11.   Ungarn – Barna Héder
  12.   Slovenia – Mojca Mavec
  13.   Irland – Eileen Dunne[40]
  14.   Portugal – Lúcia Moniz[41]
  15.   Romania – Anca Țurcașiu
  16.   Storbritannia – Ken Bruce[42]
  17.   Kypros – Marina Maleni[43]
  18.   Nederland – Conny Vandenbos[44]
  19.   Sverige – Björn Hedman[45]
  20.   Belgia – Marie-Hélène Vanderborght[38]
  21.   Finland – Marjo Wilska
  22.   Noreg – Ragnhild Sælthun Fjørtoft
  23.   Estland – Urve Tiidus[46]
  24.   Tyrkia – Osman Erkan
  25.   Makedonia – Evgenija Teodosievska[47]


Kommentatorar og sendingar

endre

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorane under Eurovision Song Contest 1998:[48]

Kommentatorar og sendingar i deltakerlanda
Land Kringkastar Kanal Kommentator
  Kroatia HRT HRT 1 Aleksandar «Aco» Kostadinov[37]
  Hellas ERT ET1 Jórgos Mitropoulos[49]
  Frankrike France Télévision France 2 Chris Mayne og Laura Mayne[50]
  Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[51]
  Sveits TV DRS SF1 Roman Kilchsperger og Heinz Margot
TSR TSR 1 Jean-Marc Richard
TSI TSI 1 Jonathan Tedesco
  Slovakia STV STV2 Rastislav Sokol
  Polen TVP TVP1 Artur Orzech[52]
  Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
  Tyskland ARD Das Erste Peter Urban[53][54]
  Malta PBS TVM Gino Cauchi
  Ungarn MTV MTV1 Gábor Gundel Takács
  Slovenia RTVSLO SLO1 Miša Molk
  Irland RTÉ RTÉ One Pat Kenny[55]
RTÉ Radio 1 Larry Gogan[55]
  Portugal RTP RTP1 Rui Unas[56]
  Romania TVR TVR2 Leonard Miron
  Storbritannia BBC BBC One Terry Wogan
BBC Radio 2 Ken Bruce
  Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[57]
  Nederland NOS TV2 Willem van Beusekom[58]
  Sverige SVT SVT2 Pernilla Månsson og Christer Björkman[59]
  Belgia RTBF La Une Jean-Pierre Hautier[50]
VRT VRT TV1 André Vermeulen og Andrea Croonenberghs[60]
  Finland Yle TV1 Maria Guzenina[61] og Sami Aaltonen[62]
  Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen
NRK P1 Stein Dag Jensen [24]
  Estland Eesti Televisioon ETV Reet Linna
  Tyrkia TRT TRT 1 Ömer Önder
  Makedonia MRT MTV 3 Milanka Rašik
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
  Austerrike ORF ORF 2 Ernst Grissemann[63]
  Bosnia-Hercegovina BHT BHT Ismeta Dervoz-Krvavac
  Danmark DR DR1 Jørgen de Mylius[64]
  Island RÚV Sjónvarpið Páll Óskar Hjálmtýsson[65]
  Jugoslavia RTS RTS 3K Vojislav Pantić[66]

Notar

endre
  1. Tabellen er rangert etter kriterium-rekkefølgen som oppgitt i regelverket for 1998. Snittpoengsummen er beregnet ved å summere alle poengene som hvert land hadde mottatt i de fem forutgående finalene, og deretter dele totalsummen med antall deltakelser til det aktuelle landet.
  2. 2,0 2,1 Sjølv med same snittpoengsum blei Slovenia rangert over Tyskland, i samsvar med reglementet. Dette fordi Slovenia hadde motteke fleire poeng enn Tyskland i den nylegaste finalen.

Kjelder

endre
  1. «Putting on an event». Barclaycard Arena Birmingham (på engelsk). 2017. Arkivert frå originalen 20. august 2017. Henta 20. august 2017. 
  2. 2,0 2,1 Terry Wogan (9. mai 1998). «Eurovision Song Contest 1998». BBC One. Henta 20. august 2017. 
  3. «Britene lover supert Eurosong-show». Dagbladet.no (på norsk). 8. januar 1998. Henta 20. august 2017. 
  4. «The Eurovision Song Contest - Example Rules». heyrick.eu. Henta 10. mai 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Rules of the 43rd Eurovision Song Contest, 1998» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen (PDF) 31. januar 2019. Henta 4. oktober 2022. 
  6. Gjørøy, Alexander. «Kan bli slutt på «F.Y.R. Macedonia» i Eurovision - escNorge». escnorge.net (på norsk bokmål). Henta 15. april 2019. [daud lenkje]
  7. «Eurovision Song Contest Birmingham 1998». eurovision.tv. 2017. Henta 20. august 2017. 
  8. «Final of Millstreet 1993 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  9. «Final of Dublin 1994 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  10. «Final of Dublin 1995 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  11. «Final of Oslo 1996 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  12. «Final of Dublin 1997 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  13. «Do you remember... Birmingham 1998?». eurovision.tv (på engelsk). 26. desember 2008. Henta 4. oktober 2022. 
  14. Welle (www.dw.com), Deutsche. «The joys and woes of Germany and the ESC». DW Learn German (på engelsk). Henta 4. oktober 2022. 
  15. «Transsexual singer stirs up passions». news.bbc.co.uk. BBC NEWS. Henta 20. august 2017. 
  16. «Guuud a’ meg!». ballade.no (på norsk bokmål). 8. februar 2012. Henta 20. august 2017. «Rabbineren og regjeringsmedlemmet Shlomo Ben Izri kalte Dana for en bibelsk “avskylighet”, mens parlamentsrepresentanten og rabbineren Shlomo Ben Ivri sa at å sende Dana International til Grand Prix, var som “å sende et mørkets budskap til verden”.» 
  17. «– Vant Grand Prix for alle homser». VG (på norsk). 10. mai 1998. Henta 20. august 2017. 
  18. Skogseth, Geir (3. juni 1998). «Dana – et skritt fremover». VG (på norsk). Henta 20. august 2017. 
  19. «"Bibi" støtter Dana». Dagbladet.no (på norsk). 12. mai 1998. Henta 20. august 2017. 
  20. «Lars A. Fredriksen - Eurovision Song Contest Birmingham 1998». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 20. august 2017. Henta 20. august 2017. 
  21. Grønneberg, Anders (2. mai 1998). «– Jeg kan vinne». Dagbladet. s. 33. 
  22. Grønneberg og Frøytlog, Anders og Bente (6. mai 1998). «– Trodde det gikk til helvete». Dagbladet.no (på norsk). Henta 18. november 2017. 
  23. «Jostein Pedersen». IMDb. Henta 20. august 2017. 
  24. 24,0 24,1 «NRK P1 1998.05.09 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK Radio. 9. mai 1998. s. 14. Henta 20. august 2017. 
  25. 25,0 25,1 Mjør, Kjersti (8. mai 1998). «Spår telekaos». Bergens Tidende. s. 53. 
  26. Grønneberg, Anders (5. mars 1998). «Den riktige vinneren vant …». Dagbladet. s. 41. 
  27. Lie, Øystein (13. mai 1998). «Grand Prix på engelsk?». Aftenposten. 
  28. «NRK vil ikke ha folkets røst». Dagbladet.no (på norsk). 21. august 1998. Henta 20. juli 2018. 
  29. «Final of Birmingham 1998 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. september 2022. 
  30. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  31. «Eurovision Song Contest 1998 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 20. august 2017. 
  32. 32,0 32,1 32,2 32,3 «Naked Eurovision». BBC via YouTube. desember 1998. Henta 20. august 2017. 
  33. Paul Jordan (25. august 2017). «When Eurovision gets awkward...». eurovision.tv (på engelsk). Arkivert frå originalen 25. august 2017. Henta 4. oktober 2022. 
  34. Metro.co.uk, Benny Royston (16. februar 2015). «7 biggest Eurovision mistakes as Bucks Fizz left out of anniversary concert». Metro. Henta 20. august 2017. 
  35. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  36. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  37. 37,0 37,1 «POVIJEST EUROSONGA: 1956–1999 (samo tekstovi)» (på kroatisk). HRT. Arkivert frå originalen 7. januar 2014. Henta 24. juli 2012. 
  38. 38,0 38,1 «Concours Eurovision de la Chanson • Consulter le sujet - Porte-paroles des jurys des pays francophones». Eurovision.vosforums.com. Henta 9. august 2012. 
  39. «פורום אירוויזיון». Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 9. august 2012.  Arkivert 8. oktober 2011 på Wayback Machine.
  40. O'Loughlin, Mikie (8. juni 2021). «RTE Eileen Dunne's marriage to soap star Macdara O'Fatharta, their wedding day and grown up son Cormac». RSVP Live. Reach plc. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 25. juni 2022. 
  41. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 9. august 2012. 
  42. Roxburgh 2020, s. 324–346.
  43. Savvidis, Khristos. «OGAE Cyprus». OGAE Cyprus. 
  44. «Nederlandse jurywoordvoerders bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). Eurovision Artists. Henta 22. juni 2022. 
  45. Thorsson & Verhage 2006, s. 266–267.
  46. «Eesti žürii punktid edastab Eurovisioonil Tanel Padar» (på estisk). Muusika Planeet. 1. mai 2022. Arkivert frå originalen 19. mai 2022. Henta 25. juni 2022. 
  47. «FORO FESTIVAL DE EUROVISIÓN • Ver Tema - 98 Malta - The one that I love - Chiara». Eurosongcontest.phpbb3.es. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  48. «Eurovision Song Contest 1998 – full cast». imdb.com. Henta 20. august 2017. 
  49. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr=. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012. 
  50. 50,0 50,1 Christian Masson. «1998 – Birmingham». Songcontest.free.fr. Henta 9. august 2012. 
  51. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012. 
  52. «Zobacz temat – Eurowizyjna gra». Eurowizja.Com.Pl. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  53. «Dr. Peter Urban kommentiert - Düsseldorf 2011». Duesseldorf2011.de. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012.  Arkivert 24. mars 2012 på Wayback Machine.
  54. «Thomas Mohr: Mit Dschinghis Khan im Garten». Eurovision.de. 14. mai 2011. Henta 28. oktober 2012. 
  55. 55,0 55,1 betelgeuseIE (7. februar 2010). «Eurovision Song Contest 1998 opening sequence». YouTube. Henta 9. august 2012. 
  56. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012. 
  57. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  58. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). eurovisionartists.nl. Henta 24. juli 2012. 
  59. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 9. august 2012. 
  60. mathiasehv (19. november 2009). «ESC 1998: Melanie Cohl België twaalf punten/Belgique douze points». YouTube. Henta 9. august 2012. 
  61. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  62. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 9. august 2012. 
  63. «Song Contest mit Stermann & Grissemann». wien ORF.at. 1. mai 2012. Henta 29. september 2012. 
  64. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012.  Arkivert 24. mars 2012 på Wayback Machine.
  65. «Morgunblaðið, 09.05.1998». Timarit.is. Henta 9. august 2012. 
  66. «Nostalgični RTV press clipping». rtvforum.net. Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 2. september 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1998