Edvard Grieg Museum Troldhaugen

Edvard Grieg Museum TroldhaugenHop i Bergen er eit museum vigd komponisten Edvard Grieg og heimen hans. Det inngår i KODE Kunstmuseene i Bergen.

Edvard Grieg Museum Troldhaugen

StadBergen kommune
Kart
Troldhaugen
60°19′11″ N 5°19′46″ E

Troldhaugen ligg om lag sju kilometer sør for Bergen sentrum, og femner om Edvard Grieg og kona Nina sin villa Troldhaugen frå 1885, gravstaden deira, Komponisthytten som Grieg brukte til å komponera i, kammermusikksalen Troldsalen frå 1985, og eit museumsbygg frå 1995. Museet har sidan 1997 òg administrert Siljustøl Museum (heimen til komponisten Harald Sæverud). Frå 2007 vart Troldhaugen konsolidert med Museet Lysøen, Vestlandske Kunstindustrimuseum og Bergen kunstmuseum under namnet Kunstmuseene i Bergen, som seinare har fått namnet KODE.

Museet driv ei omfattande konsertverksemd, med daglege konsertar i juni, juli og august og dessutan matinéekonsertar kvar sundag i september. Festspillene i Bergen arrangerer konsertar i Troldsalen og i sjølve villaen i festspeltida.

Bygningen endre

 
Feiring av Grieg sin fødselsdag på Troldhaugen i 1903.

Troldhaugen var heimen til Edvard Grieg frå april 1885 til han døydde i 1907. Grieg budde på Troldhaugen med kona si, Nina Hagerup, når han var heime i Noreg, for det meste om somrane.

Edvard Grieg kalla sjølv bygningen «mitt beste opus hittil», sjølv om han vart teikna av fetteren hans, arkitekten Schak August Steenberg Bull.[1] Bygningen er teikna i historismestil. Han er ein typisk trevilla frå 1800-talet med panoramatårn og ein stor veranda. Uvanleg for den tida var dei store vindauga, som Grieg ynskte for å få mykje ljos og luft inn i huset. Dette førte til at bustaden var kald om vinteren, men på denne årstida var ekteparet likevel som oftast ute og reiste.

Det var Nina som foreslo namnet Troldhaugen, fordi huset ligg på haugen ved sida av Trolddalen.

I 1921 teikna arkitekten Ole Landmark ein ny bustad på Troldhaugen etter oppdrag av Einar Grieg, son av Edvard Grieg sin nevø, konsul Joachim Grieg. Landmark sirr forslag, som var i mur og minte om Baroniet i Rosendal, føresette riving av Edvard Griegs Troldhaugen. Men i staden vart eigedomen donert til dåverande Fana kommune av Joachim Grieg, og vart museum frå 1928. Landmark sine teikningar til det nye Troldhaugen er oppbevarte hjå Bergen byarkiv.[2]

Museum endre

Troldhaugen er i dag eit museum. Både villaen og den vesle komponisthytta hans på eigendomen, ved breidda av Nordåsvannet, er verna. I 1985 vart det oppført ein eigen konsertsal på eigedomen, Troldsalen, teikna av Peter Helland-Hansen og Sverre Lied. I 1995 fekk ein òg eit eige museumsbygg, teikna av arkitektgruppa Cubus, med ei fast utstilling om Edvard Griegs liv og musikk, og dessutan butikk og restaurant. Museet har kvart år sidan 1972 delt ut Griegprisen til ein norsk musikar eller musikkforskar.

Komponisthytten endre

 
Komponisthytten

Grieg var ikkje nøgd med arbeidsroen i villaen, der det stadig var besøk og støy frå kjøkkenet. for å kunne få arbeide i fred, fekk han 1891 difor oppført den vesle hytta, komponisthytten, nede ved Nordåsvannet, med godt utsyn over vatnet. I den vesle hytta er det ein skrivepult, vedfyringsomn, divan, gyngestol, bokhyller og eit piano. For å nå opp til klaviaturet brukte den 152 centimeter lange Grieg ei tjukk bok på stolen framfor pianoet. Boka var ingen annan enn Beethovens 32 sonatar i ei utgåve av Ignaz Moscheles, som var Grieg sin lærar i Leipzig.

Gravstaden til Edvard og Nina Grieg endre

 
Gravstaden til Edvard og Nina Grieg

Oska etter ekteparet ligg i ei grav inne i fjellet under Troldhaugen, på nordsida av villaen. Grieg skal ha peikt ut staden ein gong han hadde vore på fisketr med venen Frants Beyer. Kveldssola trefte eit skar oppe på fjellveggen, og Grieg erklærte at «her vil jeg hvile for bestandig».[1]

Også gravstaden blei utforma av Schak Bull gravstaden, med namnet til Grieg skrive i runeliknande bokstavar.[1] Edvard Grieg var den sjuande personen som vart kremert i Noreg.

Urna med oska etter Nina Grieg blei sett inn i gravstaden på fødselsdagen til Edvard Grieg i 1936, og namnet hennar blei føyd til grava.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «..Edvard Grieg Museum Troldhaugen | Troldhaugen...», griegmuseum.no, arkivert frå originalen 4. mai 2019, henta 4. mai 2019 
  2. Bergen byarkiv[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre