Edward A. Gundersen

Edward August Gundersen (3. juni 186912. desember 1952) var ein norsk offiser og lærar frå Kristiansand. Tida 1913-18 representerte han partiet VenstreStortinget.

Edward A. Gundersen

Fødd3. juni 1869
Død12. desember 1952 (83 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Gundersen var son til ein kjøpmann i Kristiansand. Sjølv vart han student i 1888 og offiser i 1891. Dei fyrste åtte åra var graden premierløytnant, frå 1899 var han kaptein. Ei tid var han regimentssjef for kompani 1 i Agdesiden. Åra 1891-93 deltok han i arbeidet med bygginga av Setesdalsbanen. Sidan var han lærar i matematikk ved underoffisersskulen i Kristiansand, frå 1907 også i rekning ved den kommunale handelsskulen.

Gundersen var medlem av bystyret i Kristiansand frå 1901, ordførar 1905-07. Han var medlem av utvalet som arbeidde for bygging og drift av Sørlandsbanen, og hadde elles ein framståande posisjon i utviklinga av sørlandsbyen.

Valbolken 1910-12 var han varamann til Stortinget for Baneheien krins. Dei to valperiodane 1913-15 og 1916-18 representerte han Kristiansand-krinsen Fæstningen på tinget, medlem av jarnbanekomiteen. Han deltok ikkje i 1914-sesjonen.

Gundersen vart utnemnd til major og bataljonsjef i 1916. Han rykte opp til oberstøytnant i 1930, frå hausten 1935 var han i fire år krigsskommissær for Sørlandet.

Kjelder endre