Eigil Lehmann (29. januar 190728. mars 2009) var ein norsk prest, diktar og målmann.

Eigil Lehmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. januar 1907
Bergen
Død

28. mars 2009 (102 år)
Bergen

Yrke prest, lyrikar
Tema Vestnordiske mål
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Lehmann var frå Bergen. Han tok teologisk embetseksamen i 1929, og vart i 1930 tilsett som hjelpeprest i Modum. Frå 1937 var han prest i Skjold i Ryfylke. I 1958 fór han til Bergen og vart residerande kappellan i Birkeland prestegjeld i Fana. Han vart sokneprest i Nordås prestegjeld i Fana i 1971 og tok avskil i 1976.

Han arbeidde mykje med bibelsk leksikografi, og gav ut i alt to ordbøker for Det nye testamentet. Han gav ogso ut to ordbøker om dei nordiske øymåla, ei som galdt islandsk, og ei som galdt færøysk. Han skreiv attåt dette dikt gjennom heile livet, og gav ut i alt fire diksamlingar.

Lehmann var heidersmedlem i Vestmannalaget og Vestlandske Mållag, og var med på skipinga av Ivar Aasen-sambandet i 1965. Han har vore i styret for Norsk bokreidingslag og Halldor O. Opedals fond, og var med i Norsk Måldyrkingslag. I 1964 fekk han Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond.

Bøker endre

  • 1938 – Rette det som rengt er : Eit ord til dei som hev Noregs mål kjært.
  • 1955 – Ordbok for det Nye testamentet
  • 1967 – Islandsk-norsk ordbok skriven saman med Þorsteinn Þ. Víglundsson
  • 1967 – Vilja de lyda
  • 1969 – Norsk-islendsk samtalebok : Ein parlør
  • 1977 – I eit anna ljos
  • 1981 – Lilja i Dal
  • 1983 – Atturljóm : kvedskap
  • 1986 – Færøysk-norsk ordbok
  • 1990 – Ettirrakstur : dikt
  • 2007 – Dikt i utval

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre