Torborg Nedreaas
Torborg Nedreaas (13. november 1906–30. juni 1987) var ein norsk forfattar frå Bergen.
Torborg Nedreaas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. november 1906 Bergen |
Død | |
Yrke | forfattar, manusforfattar |
Språk | norsk |
Ho debuterte 39 år gammal med novellesamlinga Før det ringer tredje gang i 1945. Boka inneheld eit utval av noveller som tidlegare var publiserte i ulike vekeblad. Same år kom også den eigentlege debuten hennar, Bak skapet står øksen.
Ho voks opp i Bergen og ho budde også ei tid på Stord. Siste halvdelen av livet budde ho på Nesodden i Akershus.
Nedreaas var radikal, men ein finn sjeldan ein open politisk agitasjon i bøkene hennar, med unntak av i De varme hendene som inneheld hard kritikk av det norske medlemskapen i NATO. Ho skildra ofte med stor dugleik unge jenter og kvinner sitt sjeleliv, til dømes i Av måneskinn gror det ingenting og Musikk fra en blå brønn.
Bibliografi i utval
endre- 1945 Før det ringer tredje gang, novellesamling
- 1945 Bak skapet står øksen, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1947 Av måneskinn gror det ingenting, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1950 Trylleglasset, samling skisser og noveller (Aschehoug, Oslo)
- 1952 De varme hendene, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1953 Stoppested, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1956 Madame, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 23.10.1953, instruktør Otto Nes)
- 1958 Siste stasjon, høyrespel (Sendt i NRK Radioteatret 20.05.1958, instruktør Knut Thomassen)
- 1960 Musikk fra en blå brønn, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1963 Historien om en liten historie, høyrespel (Sendt av NRK Radioteatret 19. mars 1963)
- 1964 Skomakeren og hans lest, fjernsynsteaterstykke (Oppført av NRK Fjernsynsteatret 7. desember 1964)
- 1965 Den siste polka, novellesamling (Aschehoug, Oslo)
- 1967 Ytringer i det blå, kåserisamling (Aschehoug, Oslo)
- 1971 Ved neste nymåne, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1978 Det dumme hjertet, samling høyrespel (Aschehoug, Oslo)
- 1982 Vintervår, essaysamling (Aschehoug, Oslo)
I 1965 sende NRK Fjernsynsteatret Stoppested med manus skrive av Tore Breda Thoresen fritt etter novella med same namn av Nedreaas. I 1975 laga Vibeke Løkkeberg kortfilmen Regn bygd på noveller av Torborg Nedreaas.
Omsetjingar
endreBøkene hennar har vorte omsette til mellom anna svensk, dansk, engelsk, tysk, fransk, polsk og russisk.
Prisar og utmerkingar
endre- 1950 - Kritikerprisen for Trylleglasset.
- 1964 - Doblougprisen
- 1966 - Mads Wiel Nygaards legat
- 1972 - Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Ved neste nymåne.
- 1986 - Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Torborg Nedreaas hjå Nasjonalbiblioteket
- Kulturnett Akershus Arkivert 2004-02-28 ved Wayback Machine.