Opna hovudmenyen

Einar Iveland (9. mai 189215. mai 1975) var ein norsk lærar og politikar frå Iveland i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant for Venstre og Aust-Agder frå 1950 til 1953.

Einar Iveland
Fødd9. mai 1892
Død15. mai 1975
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Liv og gjerningEndra

Etter å ha gått på Setesdal landbruksskule skulevinteren 1909/10 gjekk Iveland på Kristiansand lærarskule der han tok eksamen i 1917. Frå 1918 var han den neste tia åra lærar på høvesvis Farsund middelskole, Agder Folkehøgskule 1918-24 og Aust-Agder fylkesskule 1924-28. I 1928 fekk han lærarstilling i heimbygda Iveland, ein post hadde han til 1959. Han var også kyrkjesongar i Iveland 1928-45 og tok over farsgarden i 1937.

Frå 1932 var han medlem av heradsstyret i Iveland, ordførar 1934-42, då han vart avsett av NS-styresmaktene. Kom tilbake i 1945 og var ordførar til og med 1949. Perioden 1945-49 han leiar av fylkestinget i Aust-Agder.

Iveland var formann i Aust-Agder Venstrelag frå 1946 til 1954, og medlem av landsstyret i Venstre frå 1948 til 1956. Perioden 1950-53 var han fast representant frå Aust-Agder på Stortinget, medlem av skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Iveland hadde ei rad verv, bådee offentleg og privat. Han var medlem i Statens samferdselsråd 1948-64, styremedlem Noregs Heradsforbund og formann for Noregs Bank i Arendal 1960-63. Han var frå 1949 fylkesformann og 1952-55 nestformann i Norges Bondelag. Både i bondelaget og i Venstre var han ein mykje nytta talar.

KjelderEndra