Eit lite barn, med frydeskrik
«Eit lite barn, med frydeskrik» (Ein kindelein so löbligkleich, Et lidet Barn saa lystelig) er ein opphavleg tyskspråkleg julesong, kjend frå 1422.
Det fyrste verset stammar frå ein kristeleg tysk folkesong. Dette verset var i eit skrift frå 1422 teke inn som andre verset i ei tysk omsetjing av ein latinsk song, «Dies est lætitiæ». Luther har nemnd songen i fleire av julepreikene sine. Rundt 1525 vart songen utvida med tre vers. Med desse fire versa vart songen teken inn i den dansk-norske kyrkja. Han vart omsett til dansk av A. Pedersen i 1529, av N.F.S. Grundtvig i 1837 og av W.A. Wexels i 1840. Det fyrste verset vart omsett til nynorsk av Jan Ove Ulstein i 1995.
Salmen vart i 1569 teken med i Den danske Psalmebog i to redaksjonar, med fyrstelinene «EEt lidet barn saa ærefult» og «EEt lidet barn saa løsteligt», den siste under overskifta «Een anden lofsang aff Christi fødsel.» Den sistnemnde vart med i Kingos salmebok. Det fyrste verset av salmen står i Landstads Kirkesalmebok, men frå 1925 var han ute av dei autoriserte salmebøkene i Noreg. Eit vers av salmen vart teke med i Salmer 1997 , her både i dansk og nynorsk omsetjing. I den katolske salmeboka Lov Herren er to vers av salmen tekne med, her i bokmålsomsetjing.
«Eit lite barn, med frydeskrik
Frå 1. verset etter Salmer 1997 (J.O. Ulstein)
|
I norsk juletradisjon
endreMartin Luther meinte at den som hadde skrive songen, måtte ha fått han frå heilaganden. Songen lærer oss, sa Luther, at frelsa ikkje ligg i kyrkja eller i gode gjerningar, men at berre Kristusbarnet er vår trøyst. Han kalla songen for ei englepreike.
«Efter at alle var samlet og hadde håndhilst, bød far hver især å ta plass ved julebordet. -- Stående sang man tre ganger "Et litet barn så lystelig" hvorefter Storheifar leste juleevangeliet. Så fulgte salmen "Oss er i dag en frelser født". Olagutt leste bordbønen. Far sa: I Jesu navn. Og måltidet tok sin begynnelse.» |
Hans Thomissøn seier i si salmebok frå 1569 at ved Kristi fødsels høgtid skal kyrkjelyden syngje det første verset av denne salmen tre gongar, frå epifania til kyndelsmesse ein gong. I Kingos salmebok står det over salmen at dei første versa skal syngjast «Førend Evangelium læses af Prædikestolen fra Juul og til Kyndelmisse en Gang, men i Julehelligdage tre Gange». Skikken med å bruke songen som preikestolvers heldt seg mange stader langt ut på 1800-talet.
Då det var vanleg å innleie julehøgtida med ein husandakt i heimen, var det i mange heimar skikken å opne samlinga med å syngje denne salmen.
Teksten
endreSongen handlar om at Gud har frelst verda frå undergangen ved å la seg føde som eit menneske.
Tysk tekst frå 1500-talet: |
Den danske Psalmebog (1569) |
Landstads Kirkesalmebog (1869) |
Tonen
endreTonen er frå mellomaldersalmen «Dies est lætitiæ». Variantar av den same tonen er m.a. bruka til «I denne søte juletid» og «Den sigende dag er oss nu ted» . Tonen finst i mange variantar i norske folketonar. I Salmer 1997 som i Lov Herren er det nytta ein folketone frå Nordmøre.
Kjelder
endre- J.N. Skaar: Norsk Salmehistorie b. I og II, F. Beyers forlag, Bergen 1879-80
- Ole Tobias Olsen: Folketonar frå Nordland noregs Boklag 1982 ISBN 82-522-0491-0
- Salmer 1997 - Tillegg til Norsk Salmebok ISBN 82-543-0743-1
Referansar
endre- ↑ *Leif Alstadhaug: «Ole Bang - Dikter og norsk kulturambassadør fra Ytteren i Rana» i Årbok for Helgeland 2008 ISBN 978-82-90148-68-2