Ekstremvêret Edda

Ekstremvêret Edda var eit ekstremvêr som råka Nord-Helgeland og Sør-Troms 10. og 11. desember 2003, som det tredje ekstremvêret som råka denne regionen på berre ei veke. Det gav full storm i desse områda og sterk storm i Lofoten.

Fleire hurtigbåtar og ferjer vart innstilt under stormen og fleire flyavgangar vart kansellerte.[1]. E6 over Saltfjellet vart stengd.[2] Sju menneske vart skadd då ein rutebuss på veg til Tromsø frå Alta blåste av vegen i Lyngen. [3]

Langs kysten av Nordland vart det observert signifikant bølgjehøgd opp mot 12 meter.

Kraftigast vindEndra

Kraftigast vind mellom 10. desember kl. 14 og 12. desember kl. 08.

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Kråkenes fyr 30 34
Svinøy fyr 28 33
Hekkingen fyr 28 33
Finnøy i Hamarøy 27 -
Nordøyan fyr 24 33
Bø i Vesterålen 26 36
Myken 24 34
Skrova fyr 24 31
Sklinna fyr 24 29
Røst 23 31
Bodø 22 27

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. «Stormen stopper fergene». Nettavisen. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008. 
  2. «Edda raser i Nord-Norge». Lofotposten. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008. 
  3. «Edda raser videre». Nettavisen. 11. desember 2003. Henta 1. oktober 2008. 
  Denne verartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.