Elgygytgynsjøen
Elgygytgynsjøen (russisk Эльгыгытгын) er ein innsjø på Tsjuktsjihalvøya nordaust i Sibir i Russland. Han har ein diameter på om lag 15 km og er 175 meter på det djupaste. Innsjøen ligg i eit nedslagskrater etter ein meteoritt og kraterkanten har ein diameter på 18 km. Krateret vart danna for 3,6 millionar år sidan (pliocen).
Elgygytgynsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kratersjø, ogliotrofisk sjø | ||
Utløp | Enmyvaam | ||
Nedslagsfelt | 293 km² | ||
Lengd | 12 km | ||
Breidd | 12 km | ||
Areal | 110 km² | ||
Koordinatar | 67°30′N 172°00′E / 67.500°N 172.000°E | ||
Elgygytgynsjøen 67°29′22″N 172°05′23″E / 67.4894°N 172.0898°E | |||
Kart som viser Elgygytgynsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Elgygytgyn |
Innsjøen er interessant for forskarar fordi han ikkje har vore dekt av isbrear. Dermed har 400 meter med sediment bygd seg opp i botn av innsjøen og lagra informasjon om førhistoriske klimaendringar.
Dyreliv
endreTilhøva i Elgygytgynsjøen er harde for fiskelivet. Derfor finst det berre tre permanente fiskeartar i innsjøen, tre typar av aure, Salvelinus boganidae, S. elgyticus og Salvethymus svetovidovi (langfinna aure). Dei to siste artane er endemiske for Elgygytgynsjøen. Røye har vorte sett ut i innsjøen i nyare tid.
Bakgrunnsstoff
endre- Dr. Matt Nolan ved University of Alaska Fairbanks
- Polekspdisjonar til sibirsk innsjøar PhysOrg.com.
- Aure
- Arctic char introduction: Utsetting av røye[daud lenkje]