Elin Nilsen (fødd 12. august 1968) er ein norsk tidlegare langrennsløpar som representerte Bossmo og Ytteren IL i Rana. I perioden 1991 til 2001 vann ho åtte stafettmedaljar for Noreg i 4x5 km stafett, fordelt på OL-sølv i 1992, 1994 og 1998, VM-sølv i 1995, 1997 og 2001, samt VM-bronse i 1991 og 1993. Hennar beste individuelle plasseringar i internasjonale meisterskap er to fjerdeplassar på 30 km, høvesvis under vinter-OL i Albertville i 1992 og i Nagano i 1998. Nilsen vann åtte norske meisterskap i langrenn i tida 1992-2002.

Elin Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. august 1968 (55 år)
Mo i Rana
Yrke langrennsløpar
Høgd 168 centimeter

Aktiv endre

Nilsen tok bronsemedaljen på 15 km under NM 1990 på Gjøvik, og vart nummer fire på 30 km i same meisterskapen. Året etter fekk ho sin internasjonale meisterskapsdebut i VM på ski, då ho gjekk tredjeetappen for Noregs lag som tok bronse på stafetten. Ho etablerte seg i noregstoppen i langrenn frå 1992-sesongen av. Med to NM-gull og ein bronse i Trondheim var ho i 1992 sjølvskriven på stafettlaget under dei olympiske leikane i Albertville. Etter at Solveig Pedersen, Inger Helene Nybråten og Trude Dybendahl hadde lagt grunnlaget, kunne Nilsen gå Noreg i mål til OL-sølv. Også i dei to nestkomande vinterleikane, 1994 på Lillehammer og 1998 i Nagano, tok Nilsen sølvmedaljar i 4x5 km stafett med Noreg.

Nilsen hevda seg mellom verdseliten frå 1992. Ho vart nummer 10 på 5 km under Vinter-OL 1992 og kom på fjerdeplass på den avsluttande 30-kilometeren. Dei sju neste sesongane vann ho alle gongane ein sølvmedalje eller ein bronsemedalje med det norske stafettlaget, men individuelt måtte ho nøye seg med sjetteplassar i VM 1995 og VM 1997 som best. Både under Vinter-OL 1998 og ski-VM året etter var Nilsen med i kampen om ein bronsemedalje, ved begge høva vart ho nummer fire.

Under NM 1994 i Vegårshei tok Nilsen sitt tredje NM-gull. Sidan vart ho norsk meister på 15 km i 1997, på 5 km i 1998, og på både 15 km og 30 km i 1999. I 2002 tok ho sitt åttande og sitt siste noregsmeisterskap i langrenn. To år seinare fekk ho NM-bronsen på tremila, hennar 19. NM-medalje, alle vunne i individuelle tevlingar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Nilsen heldt fram med å vinne Skarverennet til 2006, hennar trettande siger i rennet sidan den fyrste i 1988.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar