Eliteserien i handball 1996/97–Kvinner

Eliteserien i handball 1996/97 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta 12 lag og vart avvikla i tida frå 22. september 1996 til 13. april 1997.

Larvik Håndballklubb vart seriemeister for andre gong, tre år etter den fyrste triumfen. I mannskapet fann ein Lina Olsson, Tonje Larsen, Monica Vik Hansen, Kristine Duvholt, Kristine Moldestad, Lene Lillevik, Vibeke Nesse, Annette Tveter og målvakta Lise Kristiansen.

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Larvik HK 22 702-474 40
2 Bækkelaget SK 22 747-478 40
3 Byåsen IL 22 609-501 32
4 IK Junkeren 22 523-501 30
5 Lunner IL 22 561-601 20
6 Gjerpen IF 22 485-556 19
7 Stabæk IF 22 513-557 18
8 Nordstrand IF 22 501-553 17
9 Tertnes IL 22 487-538 15
10 Sjetne IL 22 435-532 12
11 Toten HK 22 499-655 9
12 Sola HK 22 448-564 8

Kjelder

endre
  • Sportsboken 97-98. Chr. Schibsteds Forlag. 1997.