Elizabeth Moon
Elizabeth Moon (fødd 7. mars 1945) er ein amerikansk forfattar av fabelprosa. Døypenamnet var Susan Elizabeth Norris, og ho voks opp i McCallan, Texas. Ho lever på garden sin i Florence i same delstaten. Ho vart gift i 1969 og har ein autistisk son.
Elizabeth Moon | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. mars 1945 McAllen i Texas |
Yrke | Forfattar |
Sjanger | science fiction, fantasy |
Ektefelle | Richard Sloan Moon |
Debut | 1. juni 1988 |
Nettstad | http://www.elizabethmoon.com |
Elizabeth Moon på Commons |
Biografi
endreMoon starta å skrive som barn og hennar første historie var om hunden hennar. Ho tok ein bachelorgrad i historie ved Rice University nær Houston. I 1968 vart ho med i dei amerikanske marinestyrkane og vart løytnant. Etter dette tok ho ein ny bachelorgrad i biologi. Ho har også røynsle som ambulansearbeidar og har vore involert i lokalt styre og stell. Hennar første seriøse omgang med skriving var i midten av trettiåra som fast kommentator i ei vekebasert fylkesavis. Den fyrste romanen hennar, var The Sheepfarmer's Daughter, som vann Compton Crook Award.
Mykje av forfattarskapen hennar er prega av militær science fiction, iblanda biologi. Mellommenneskelege tilhøve og politikk spelar også sterkt inn. Serrano Legacy er ein bokserie som er det ein vil kalle ein romopera. Ho har fått ein Nebula Award for The Speed of Dark, ei novelle om ein autistisk dataprogrammerar som må velje mellom å vere autist eller å ta ein normaliseringskur. Dei siste verka til Moon er ein ny serie romopera, Vatta's War.
Prisar
endre- Sheepfarmers Daughter – 1989 Compton Crook Award (vunne)
- Remnant Population – 1997 Hugo Award for beste novelle (nominert)
- The Speed of Dark – 2003 Nebula Award for beste novelle (vunne) – 2003 Arthur C. Clarke Award (nominert)
Moon fekk Robert A. Heinlein Award for 2007. Prisen vert gjeven for framifrå arbeid innan science fiction og teknisk skriving, samt arbeid som inspirerer til menneskeleg utforsking av verdsrommet.[1]
Bibliografi
endrePaksenarrion
endreThe Deed of Paksenarrion
- Sheepfarmer's Daughter (1988)
- Divided Allegiance (1988)
- Oath of Gold (1989)
- “Those Who Walk in Darkness” (1990) – novelle sett til Oath of Gold, inkludert i samlingane Lunar Activity og Phases
- The Deed of Paksenarrion (1992)
- The Deed of Paksenarrion (2003)
The Legacy of Gird-romanane
- Surrender None (1990) – forløpar til The Deed of Paksenarrion
- Liar's Oath (1992) – oppfylgjar til Surrender None
- The Legacy of Gird (1996)
Familias Regnant-universet
endre- Heris Serrano trilogy
- Hunting Party (1993)
- Sporting Chance (1994)
- Winning Colors (1995)
- Heris Serrano (2002)
- The Serrano Legacy: Omnibus One (2006)
- Esmay Suiza continuation
- Once a Hero (1997)
- Rules of Engagement (1998)
- The Serrano Connection: Omnibus Two (2007)
- The Serrano Connection (2008)
- Suiza and Serrano
- Change of Command (1999)
- Against the Odds (2000)
- The Serrano Succession: Omnibus Three (2008)
Vatta's War
endre- Trading in Danger (2003)
- Marque and Reprisal (2004) – Moving Target i Storbrittannia og Australia
- Engaging The Enemy (2006)
- Command Decision (2007)
- Victory Conditions (2008)
Planet Pirates-serien
endre- Planet Pirates er basert på to bøker av Anne McCaffrey, Dinosaur Planet og Dinosaur Planet Survivors, (dei går også under namnet The Mystery of Ireta) som også utgjer kjernen i The Death of Sleep.
- Sassinak (1990) – Anne McCaffrey & Elizabeth Moon
- The Death of Sleep (1990) – Anne McCaffrey & Jody Lynn Nye
- Generation Warriors (1991) – Anne McCaffrey & Elizabeth Moon
- The Planet Pirates (1993) – McCaffrey, Moon, & Nye
Andre romanar
endreSamlingar
endreElizabeth Moon si eiga liste over hennar eiga fiksjonsnoveller
- Lunar Activity (1990) – Ti noveller
- Phases (1997) – Åtte forteljingar ifrå Lunar Activity, og andre som ikkje hadde vore samla tidlegare
- begge inkluderer “Those Who Walk in Darkness” – ei Paksenarrion-novelle
- Moon Flights (september 2007) - Femten forteljingar, inkludert ei original "Vatta's War"-forteljing, med ein introduksjon av Anne McCaffrey.
Politikk
endreMoon har lagt ut nokre essay på heimesida si. Ho er engasjert i global oppvarming og var sterkt kritisk mot den amerikanske presidenten George W. Bush på fagmilitært, etisk og økonomisk grunnlag.[2]
Fotnoter
endre- ↑ Robert A. Heinlein Award Announcement Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine. on the Science Fiction and Fantasy Writers of America news site, accessed September 15 2007
- ↑ http://www.elizabethmoon.com/commentary.htm Arkivert 2008-04-30 ved Wayback Machine. Elizabeth Moon: Commentaries
Bakgrunnsstoff
endre- Elizabeth Moon si heimeside
- Sheepfarmer's Daughter (HTML) tilgjengeleg på Baen Free Library.
- Night Shade Books utgjevaren av Moon Flights