Raudflangre
Raudflangre | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. atrorubens | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis atrorubens
(Hoffm.) Besser
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia |
Raudflangre (Epipactis atrorubens) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]
Utsjånad
endreRaudflangre blir opp mot 60 centimeter høg og har eit smalt aks av mørkt raude blomar med ein gul flekk i midten.
Systematikk
endreI den svenske Artdatabanken er det oppgitt ein underart i Sverige ved sidan av nominatunderarten (ssp. atrorubens):[3][4]
- E. atrorubens ssp. triploidea (svensk namn östersjöknipprot)
Utbreiing
endreRaudflangre veks i Europa og i vest-Sibir. Arten er knytt til kalkrik (alkalisk) skog. Han veks over store delar av landet, med tyngdepunkt sør på Austlandet og frå Trøndelag til Nordland.[5]
Raudflangre er i raudlistevurderiga 2021 rekna som livskraftig (LC).[6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn purpurknipprot),[4] i Danmark (NT, dansk namn rød hullæbe)[7] og i Finland (VU, finsk namn tummaneidonvaippa).[8]
Raudflangre (engelsk namn dark-red helleborine) veks spreidde stader på Dei britiske øyane. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[9][10] Lokalt er han òg livskraftig (LC) i England,[11] men sterkt truga (EN) i Wales.[12] Han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13]
I Estland (estisk namn tumepunane neiuvaip) er raudflangre vanleg på øyane og nord på fastlandet, veks noko meir spreidd lenger sør. Han er rekna som livskraftig (LC).[14] I Latvia (latvisk namn tumšsarkanā dzeguzene)[15] er arten ganske vanleg ved kysten og i elvedalane til Daugava og Gauja, men er ellers sjeldan. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas).[16] I Litauen (litauisk namn tamsialapis skiautalūpis) er arten sterkt knytta til sandhaldig grunn og er ganske vanleg i sanddyner på kysten og langs elvedalen til Nemunas med sideelver i aust.[17] Han er rekna som nær truga (NT).[18][19]
I Benelux er arten (nederlandsk namn bruinrode wespenorchis, fransk namn épipactis pourpre noirâtre) svært sjeldan i Nederland, for det meste berre i Limburg. I Flandern i Belgia er han òg svært sjeldan, men i Vallonia er han stadvis litt meir vanleg i Ardennane.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[22] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[23][24] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[25]
Hybridar
endreHybriden mellom raudflangre og skogbreiflangre (Epipactis atrorubens × helleborine ssp. helleborine eller Epipactis ×schmalhausenii)[26] er registrert i Østfold og finst truleg fleire stader i Noreg.[27] Han er kjend frå Sverige[28] og Storbritannia,[29] medan eit herbarieeksemplar frå Møn i Danmark kan vere feilbestemt.[30] Hybriden mellom raudflangre og myrflangre (Epipactis atrorubens × palustris eller Epipactis ×pupplingensis)[31] er registrert i Sverige,[32] det same er hybriden med snauflangre (Epipactis atrorubens × phyllanthes).[33]
Referansar
endre- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar raudflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre raudflangre». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ Sven Birkedal og Karel C.A.J. Kreutz (2009). «Knipprötter i Skåne». Botaniska notiser 142 (4): 1–11.
- ↑ 4,0 4,1 «Artfakta: Epipactis atrorubens purpurknipprot». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022.
- ↑ «Artskart: Raudflangre, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Raudlista: Raudflangre». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 4. mars 2022.
- ↑ «Naturbasen: Rød Hullæbe Epipactis atrorubens». Naturbasen. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «LAJI: Epipactis atrorubens». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Epipactis atrorubens» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Latvijas daba: tumšsarkanā dzeguzene» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 62-63. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 404. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Epipactis atrorubens». FLORON. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingskaart: Bruinrode wespenorchis – Epipactis atrorubens». Waarnemingen.be. Henta 19. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Epipactis × schmalhausenii». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193.
- ↑ «Artfakta: Epipactis atrorubens × helleborine purpurknipprot × skogsknipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8.
- ↑ «PoWO: Epipactis × pupplingensis». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Epipactis atrorubens × palustris purpurknipprot × kärrknipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Epipactis atrorubens × phyllanthes purpurknipprot × kal knipprot». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) raudflangre hos Artsdatabanken
- (en) raudflangre i Encyclopedia of Life
- (en) raudflangre i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) raudflangre hos Dyntaxa
- (en) raudflangre hos ITIS
- (en) raudflangre hos NCBI
- (en) raudflangre hos The International Plant Names Index
- (en) raudflangre hos Tropicos
- (en) Kategori:Epipactis atrorubens – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Epipactis atrorubens – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Epipactis atrorubens – detaljert informasjon på Wikispecies