Erik Gjems-Onstad

(Omdirigert frå Erik-Ørn Gjems-Onstad)

Erik-Ørn Gjems-Onstad (22. februar 192218. november 2011) var ein norsk politikar, høgsterettsadvokat og innvandringsmotstandar.

Erik Gjems-Onstad

Fødd22. februar 1922
Oslo
Død18. november 2011 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre (1960; 1964), Framstegspartiet (1973; 1976), partilaus (1976; 1977), Høgre (1988; 1988), Stopp Innvandringen (1988; 1990), Fedrelandspartiet (1991), Høgre (2005; 2007), Pensjonistpartiet (2007)
Yrkepolitikar, dommar, advokat, sykkelryttar, friidrettsutøvar, skribent
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnOle Gjems-Onstad
MedlemKompani Linge
Folkebevegelsen mot innvandring
Alle verv

Liv og virke endre

Erik Gjems-Onstad vart fødd i Oslo. Under andre verdskrigen deltok han i motstandarbeid, og vart høgt dekorert. Han deltok i Kompani Linge og stod bak Milorg i Trøndelag.

Gjems-Onstad vart vald inn på Stortinget for Anders Langes Parti (ALP) frå Akershus i 1973, som dåverande «nestkommanderende» for partiformannen Anders Lange. Han vart ekskludert frå partiet i 1976 då han anbefalte veljarane å stemme på Høgre ved stortingsvalet 1977, fordi ALP uansett ville få for lita oppslutning.

Sidan vart Gjems-Onstad kjend som forsvarsadvokat for fleire kjende norske høgreradikale og høgreekstreme personar. Han fremma ei rekkje klagemål på vegner av personar med tilknyting til det ny-nazistiske miljøet i Noreg. I ei årrekkje var han aktiv med debattartiklar i fleire aviser og tidsskrift. Han gav ut fleire bøker og publikasjonar, mellom anna bladet Nytt og kommentarer som starta opp i 1984.

Den tidlegare høgsterettsadvokaten var medlem av både Folkebevegelsen mot innvandring (FMI) og Pensjonistpartiet (PP), og sjølv såg han inga motsetning mellom FMI og PP. Ved kommunevalet i 2007 var han listetopp for Pensjonistpartiet i Asker.

I august 2007 uttalte han at «Norge er nordmenns fedreland» under ein valdebatt send i radioprogrammet NRK Østlandssendingen. Han fortsette med «Nordmenn er en nasjon innen den hvite rase. Mange tør ikke si det, men det er realiteten». I innslaget framstilte han Pensjonistpartiet som det mest innvandringskritiske partiet i landet. Pensjonistpartiet sin leiar truga straks med eksklusjon.[1]

Anna endre

Gjems-Onstad spelte seg sjølv i filmen Det grodde fram frå 1947. Gjems-Onstad vart i 1939 noregsmeistersykkel for junior. I 1967 tok han initiativet til sykkelrittet Den store styrkeprøven mellom Trondheim og Oslo der han sjølv deltok over eitt dusin gonger.

Utgjevingar endre

  • 1981: Psykologisk krigføring i Norge - DURHAM - hemmelige operasjoner mot tysk okkupasjonsmakt 1943-45
  • 1984: Dagbok fra Tanzania - u-hjelp uten mening
  • 1984: Dagbok fra Israel- reiser og tanker
  • 1985: Syd-Afrika i dag - boikott eller samarbeid
  • 1990: LARK Milorg i Trøndelag.
  • 1993: Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren
  • 1994: Myrdal-sakene
  • 1994: Psykologisk krigføring i Norge under Annen Verdenskrig 1940 - 45 Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste ISBN 82-90539-05-3

Prisar og utmerkingar endre

Stortingskomitéar endre

Kjelder endre

  • Artikkelen er opphavleg henta frå Wikipedia på bokmål
Fotnotar
  1. NRK 21.08.2007: Truer med eksklusjon
  2. «Biografi: Gjems-Onstad, Erik», Stortinget (på norsk), 9. mars 2008, henta 9. juli 2019 

Bakgrunnsstoff endre