Flugesongarar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Erythrocercidae)

Flugesongarar er ei biologisk slekt Erythrocercus som lever i skogshabitat i tropisk Afrika sør for Sahara. Slekta er godtatt som monotypisk i sin eigen familie Erythrocercidae etter tidlegare å ha vore plassert inn i ymse familiar.

Flugesongarar
Rustkroneflugesongar, Erythrocercus mccallii Foto: Francesco Veronesi
Rustkroneflugesongar, Erythrocercus mccallii
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Erythrocercidae
Slekt: Flugesongarar Erythrocercus
Hartlaub, 1857

Skildring

endre

Flugesongarar er små sporvefuglar, som liknar flugesnapparar (Muscicapidae), med ein kroppslengde på 9 til 12 cm. Kjenneteikna til slekta inkluderer ein avrunda hale med 12 halefjører mot 10 i orientsongarfamilien (Cettiidae), og iaugefallande, stive bust rundt nebbrota. Rustkroneflugesongar har gråleg overside, framhovudet og halen er raudbrun, undersida er beige til kvitaktig. Gulflugesongar og gulbukflugesongar er grønaktig på oversida og klår gulfarge på undersida.[1]

Systematikk

endre

Slekta Erythrocercus vart først skildra vitskapleg i 1857 av den tyske ornitologen Gustav Hartlaub. Den dag i dag er vitskapen ikkje heilt samd om den systematiske klassifiseringa av slekta. I ei tid vart slekta plassert i monarkfamilien (Monarchidae) eller berre ført opp som Incertae sedis ('usikker plassering') utan å tilhøyre nokon familie.

I 2006 vart flugesongarar plasserte inn i den nyleg introduserte orientsongarfamilien (Cettiidae). Den svenske ornitologen Per Alström og kollegaene hans introduserte ein uavhengig, monotypisk familie for slekta Erythrocercus, Erythrocercidae,[1] som vart adoptert av IOC verdslista.[2] Flugesongarar er søstergruppa til ein felles klade av krattsongar (Scotocerca inquieta) og slektene i orientsongarfamilien.

Artsliste

endre

Flugesongarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Erythrocercus
  • Gulflugesongar, Erythrocercus holochlorus, Little Yellow Flycatcher, Erlanger, 1901, (LC)
  • Rustkroneflugesongar, Erythrocercus mccallii, Chestnut-capped Flycatcher, (Cassin, 1855), (LC)
  • Gulbukflugesongar, Erythrocercus livingstonei, Livingstone's Flycatcher, Gray, GR, 1870, (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Fregin, Silke; Haase, Martin; Olsson, Urban; Alström, Per (2012). «New insights into family relationships within the avian superfamily Sylvioidea (Passeriformes) based on seven molecular markers». BMC Evolutionary Biology 12 (157): 1–12. PMC 3462691. PMID 22920688. doi:10.1186/1471-2148-12-157. 
  2. 2,0 2,1 Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Flugesongarar