Es ist das Heil uns kommen her

Es ist das Heil uns kommen her, BWV 9, er ein kantate av Johann Sebastian Bach. Johannes Brahms skreiv òg ein motett med same namn basert på same tekst.

Es ist das Heil uns kommen her
BWV 9
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1732-1735
Publiseringsdato1851
Typisk lengd20:33
Tekst avPaul Speratus

Han vart skriven i Leipzig for den sjette sundagen etter treeiningssundag, ein gong mellom 1732 og 1735. Han er basert på ein koral med same namn av Paul Speratus.

Stykket er skriven for fløyte, obo d'amore, strykarar (fiolinar, bratsjar og basso continuo), songsolistar og kor. Det består av sju satsar, in E-dur, bortsett frå der anna er nemnt:

  1. Kor: «Es ist das Heil uns kommen her» - ei korutgåve av melodien. Alt-, tenor- og bassstemma syng frie kontrapunkt, medan sopranane syng koralen reint med lange tonar.
  2. Resitativ: «Gott gab uns ein Gesetz» - for basstemme og continuo (Ciss-moll modulert til H-dur).
  3. Arie: «Wir waren schon zu tief gesunken» - ein tenorarie med solofiolin og continuo (E-moll).
  4. Resitativ: «Doch mußte das Gesetz erfüllet werden» - for basstemme og continuo (H-moll modulerer til A-dur).
  5. Duett: «Herr, du siehst statt guter Werke»- for sopran, alt, fløyte, obo d'amore og continuo (A-dur).
  6. Resitativ: «Wenn wir die Sünd aus dem Gesetz erkennen» - for basstemme og continuo.
  7. Koral: «Ob sichs anließ, als wollt er nicht» - siste verset av koralen, sunge og spelt av heile ensemblet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre