Esker
- For behaldaren eske, sjå øskje.
Esker (av irsk eiscir, 'kam, ås') viser innan geologi til ein lang og smal rygg av sand, grus eller rullestein som er danna av avsetninaer frå smeltevasselver som renn i tunnelar under isbrear.[1]
Opphavleg blei ordet brukt til å skildra lange, bølgjeforma ryggar som no er kjend for å bestå av glasifluvialt materiale avsett av smeltevasselver inne i isbrear. Materialet blir lagt der vatnet byrjer renna saktare. Etter kvart som tunnelen blir tetta igjen, smeltar vatnet seg oppover i isen og det blir avsett nye lag. Vasstrykket i smeltevasstunnelene kan bli så høgt at vatnet blir pressa oppoverbakke. Etter at isen smeltar blir avsetjingane liggjande som forhøgingar i terrenget. For at eskerane skal bevarast må isen bevega seg lite.
Døme på eskerar
endre- St. Olavsormen ved Egersund
- Sørfjordingsrindane og andre eskerar på Hardangervidda
- Esker i Einunndalsranden naturreservat nord i Hedmark.
- Geitaryggen i Sandnes kommune
- Uppsalaåsen strekkjer seg 250 km frå Södertörn forbi Uppsala til Billudden ved Gävlebukta.
- Eiscir Riada som går på tvers over heile øya Irland frå Dublin til Galway. Hovudvegen mellom dei to byane går tett ved.[2]
- Mason Esker i Michigan strekkjer seg frå DeWitt gjennom Lansing og Holt og endar i Mason.
- Eskersystem i staten Maine kan følgjast opptil 160 kilometer.[3]
- Denali Highway i Alaska og Trans-Taiga Road i Quebec er begge delvis lagde på toppen av eskerar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Esker» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2019.
- ↑ «esker» i Bokmålsordboka.
- ↑ THE ESKER RIADA
- ↑ Surficial Geologic History of Maine, maine.gov
- Quin, E. G. (gen. ed.) (1983). Dictionary of the Irish Language. Dublin: Royal Irish Academy. s. 281. ISBN 0-901714-29-1.
- Easterbrook, D.J. (1999). Surface Processes and Landforms. New Jersey: Prentice Hall. s. 352. ISBN 0-13-860958-6.
- Trenhaile, Alan (2007). Geomorphology: A Canadian Perspective. Don Mills, Ontario: Oxford University Press. s. 188–191. ISBN 0-19-542474-3.
Bakgrunnsstoff
endre- Luftfoto av ein esker i Waterford, Maine
- Larry Gedney, "Eskers: The Upside-Down Riverbeds," Alaska Science Forum Article #674, 1. august 1984.
- Esker Riada Hjemmeside
- Diagram som illustrerer (i) istunnel i isbre før tilbaketrekning , slik at det dannes (ii) meandrerende esker i The Ice Melts: Deposition I: "Pennsylania and the Ice Age", side 6. 1999. PA DCNR. Bureau of Topographic and Geologic Survey