Esbo

(Omdirigert frå Espoo)

Esbo, /'ɛsbɔ/, (finsk Espoo) er ein by i landskapet Nyland i Södra Finlands län i Finland. Esbo ligg ved Finskebukta og grensar i aust til Helsingfors og Vanda, i vest til Kyrkslätt og i nord til Vichtis og Nurmijärvi. Grankulla dannar ein enklave inni Esbo. Esbo er den nest største byen i landet med omkring 235 000 innbyggjarar (2007).

Esbo stad
Symbol
Land  Finland
Fylke Södra Finlands län
Del av Helsingforsregionen, Helsinki capital region
Areal 312,35 km²
Folketal 314 821 (29. februar 2024)[1]
Kart
Esbo
60°12′20″N 24°39′20″E / 60.205555555556°N 24.655555555556°E / 60.205555555556; 24.655555555556
Wikimedia Commons: Espoo

Esbo inngår i Helsingforsregionen.

Historie endre

Dei første menneska flytta til Esbo allereie for 9000 år sidan og det har vore permanent busetnad i området i alle fall frå og med 1100-talet. Den viktige Kungsvägen frå Åbo til Viborg har gått gjennom byen sidan 1200-talet. Namnet Esbo kjem truleg frå det gamle svenska ordet äspe ('aspeskog') og å ('elv'), altså Asp(skog)-å. Namnet finst første gong nemnd i 1431. Esbo kyrkjelyd vart skild frå Kyrkslätt kapell i 1458, og Esbo gråstenskyrka er frå 1480-talet. Kyrkja er også eldste bygnad i Esbo.

I 1920 hadde Esbo 9 000 innbyggjarar, av dei hadde 70 % svensk som morsmål, og 75 % arbeidde innom jordbruket. Villastrøket Grankulla vart skild frå Esbo landskommun i 1920. På 1940- og 1950-talet byrja Esbo å vekse kraftig som ein forstad til Helsingfors, og landsbygdkommunen voks til ein handels- og industristad. Esbo vart kjøpstad i 1963 og fekk bystatus i 1972. Esbo voks frå 22 000 innbyggjarar til 210 000 mellom 1950 og 2000. I dag bur det cirka 20 000 svensktalande i Esbo, dvs. i underkant av 9 % av folkesetnaden.

Næringsliv endre

Nokia har hovudkontoret sitt i Esbo. I og med at Tekniska högskolan ligg i byen har det også vakse opp ein sterkt IT-industri, med diverse programvarefirma. Også heisprodusenten Kone har hovudkontoret sitt i byen.

Bydelar endre

Esbo er inndelt i 7 storområde og 55 bydelar. Esbo har ikkje noko eigentleg sentrum, i staden har byen fem skilde sentra:

Bydelar endre

 
Esbo sine bydelar

Stor-Alberga
Karabacka | Kilo | Dalsvik | Alberga | Fågelberga | Klappträsk | Smedsby | Gröndal

Stor-Hagalund
Gäddvik (Esbo) | Bredvik | Mankans | Ängskulla | Otnäs | Norra Hagalund | Hagalund | Westend

Stor-Mattby
Hemtans | Mattby | Olars

Stor-Esboviken
Esboviken | Kaitans | Ladusved | Nöykis | Bastvik | Sökö | Sommaröarna

Stor-Köklax
Esbogård | Köklax | Kurtby | Fantsby

Gamla Esbo
Esbo centrum | Gumböle | Högnäs | Träskända | Björnkärr | Karvasbacka | Stadsberget | Kolmpers | Kurängen | Morby | Nupurböle | Noux | Siikajärvi | Gamla Noux

Norra Esbo
Bodom | Kalajärvi | Gunnars | Lahnus | Lakisto | Luk | Nipert | Grundbacka | Rödskog | Gammelgård | Vällskog

Turistattraksjonar endre

 
Esbo mellomalderkyrke

Kjende personar frå Esbo endre

 
Tekniska högskolens auditorium teikna av Alvar Aalto
 
Nokias hovudkontor i Esbo


Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Espoo


  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Finland's preliminary population figure was 5,608,218 at the end of February 2024».