Statsministrar i Estland

(Omdirigert frå Estiske statsministrar)

Statsministeren i Estland (estisk Eesti Vabariigi Peaminister) er regjeringssjef i Republikken Estland. Statsministeren vert nominert av presidenten i landet etter rådføring med dei parlamentere fraksjonane og parlamentet. Statsministeren er vanlegvis leiaren for det største partiet eller den største koalisjonen i parlamentet. Den noverande statsministeren er Andrus Ansip.

Aktivitetane til regjeringa vert leidde av statsministeren, som er den faktiske politiske statssjefen. Han leier ikkje noko departement, men er ifølgje den estiske grunnlova leiaren av alt arbeidet til regjeringa. Innflytnaden og rolla til statsministeren i regjeringa og relasjonane hans til andre departement er ofte avhengig av posisjonen partiet hans har i høve til koalisjonspartnarane, og kor mykje påverknadskraft statsministeren har i partiet sitt. Dersom statsministeren har ein sterk posisjon i partiet sitt og regjeringa berre er samansett av partifeller, kan han ha veldig sterk autoritet. I viktige nasjonale spørsmål har Riigikogu det siste ordet i form av den politiske makta det har.

Historie

endre

Estland vart styrt av ein statsminister i dei to fyrste åra (1918–1920) etter at det vart sjølvstendig frå Det russiske imperiet.

Som følgje av den estiske grunnlova av 1920, vart presidentmodellen teken i bruk, samstundes som statsoverhovudet i Estland dekk den utøvande makta. Den nye grunnlova av 1933, som vart innført etter ei folkeavstemming, gjorde til at statsministeren vart statsoverhovud og regjeringssjef gjennom ein meir parlamentarisk modell. Det sitjande estiske statsoverhovudet, Konstantin Päts, utnemnde seg sjølv til statsminister, og i denne stillinga hadde han då moglegheit til å avlyse valet av ny statssjef og nytt parlament. Han heldt fram som statsminister og erklærte seg som «presidentregent» fram til 1938, då det vart halde val under ei ny grunnlov og han vart vald til president.

Statsministrar

endre

1918 til 1920

endre
Namn Sett inn Gjekk av Parti Koalisjon
1 Konstantin Päts 1 24. februar 1918 26. november 1918 Maaliit Stor koalisjon som ikkje var partibasert
2 Konstantin Päts 1 26. november 1918 8. mai 1919 Maaliit Stor koalisjon som ikkje var partibasert
3 Otto Strandman 8. mai 1919 18. november 1919 Eesti Tööerakond ESDTP+TE+RE
4 Jaan Tõnisson 18. november 1919 28. juli 1920 Eesti Rahvaerakond ESDTP+TE+RE
5 Ado Birk 2 28. juli 1920 30. juli 1920 Eesti Rahvaerakond TE+RE+KRE
6 Jaan Tõnisson (andre gong) 3 30. juli 1920 26. oktober 1920 Eesti Rahvaerakond RE
7 Ants Piip4 26. oktober 1920 21. desember 1920
/ 25. januar 1921
Eesti Tööerakond TE

Dei fyrste to regjeringane var landsråd (Maapäeva / Maanõukogu valitsused). Dei neste fem vart utnemnde av det direktevalde parlamentet (Asutav Kogu).

1920 til 1934

endre

Statsoverhovudet vart i denne perioden kalla Riigivanem. Han var leiar av regjeringa og vald av parlamentet, som han òg var avhengig av. Han var dermed meir enn statsminister, sidan han òg hadde ansvar som ein president. Presidentfunksjonane var i denne perioden delte mellom Riigivanem og parlamentspresidenten. Regjeringa kunne vere, som mellom anna i 1919–1920, sett inn av eit fleirtalsval utan absolutt fleirtal. Ho kunne også verte fjerna på same måten.

Namn Sett inn Gjekk av Parti Koalisjon
1 Konstantin Päts 25. januar 1921 21. november 1922 Põllumeeste Kogud TE+PK+RE+KRE
2 Juhan Kukk 21. november 1922 2. august 1923 Eesti Tööerakond TE+PK (+RE)
3 Konstantin Päts 2. august 1923 26. mars 1924 Põllumeeste Kogud PK+TE+RE+KRE
4 Friedrich Akel 26. mars 1924 16. desember 1924 Kristlik Rahvaerakond TE+RE+KRE
5 Jüri Jaakson 16. desember 1924 15. desember 1925 Eesti Rahvaerakond PK+ESDTP+TE+RE+KRE
6 Jaan Teemant 15. desember 1925 23. juli 1926 Põllumeeste Kogud PK+TE+KRE+AS+RVP
7 Jaan Teemant 23. juli 1926 4. mars 1927 Põllumeeste Kogud PK+AS+RE+KRE+MAJA
8 Jaan Teemant 4. mars 1927 9. desember 1927 Põllumeeste Kogud PK+AS+RE+KRE+MAJA
9 Jaan Tõnisson 9. desember 1927 4. desember 1928 Eesti Rahvaerakond PK+AS+TE+RE
10 August Rei 4. desember 1928 9. juli 1929 Eesti Sotsialistlik Tööliste Partei ESTP+AS+TE+KRE
11 Otto Strandman 9. juli 1929 12. februar 1931 Eesti Tööerakond PK+AS+TE+RE+KRE
12 Konstantin Päts 12. februar 1931 19. februar 1932 Põllumeeste Kogud ESTP+PK+RE+MAJA
13 Jaan Teemant 19. februar 1932 19. juli 1932 Põllumeeste Kogud PK+AS+TE+RE
14 Kaarel Eenpalu 19. juli 1932 1. november 1932 Ühinenud Põllumeeste Erakond ÜPE+RKE
15 Konstantin Päts 1. november 1932 18. mai 1933 Ühinenud Põllumeeste Erakond Ingen
16 Jaan Tõnisson 18. mai 1933 21. oktober 1933 Rahvuslik Keskerakond RKE+AS (+PK, intern opposisjon)
17 Konstantin Päts 21. oktober 1933 24. januar 1934 Ühinenud Põllumeeste Erakond Ingen

Forklaringar

endre
  • PK – Põllumeeste Kogud
  • TE – Eesti Tööerakond
  • RE – Eesti Rahvaerakond
  • ESDTP - Eesti Sotsiaaldemokraatiline Partei, frå 1925: ESTP – Eesti Sotsialistlik Tööliste Partei
  • AS – Asunikud …
  • KRE – Kristlik Rahvaerakond
  • RVP – Rahvuslik Vabameelne Partei
  • MAJA – Üleriiklik Majaomanike Seltside Liit
  • ÜPE – Ühinenud Põllumeeste erakond, tidlegare og seinare PK+AS
  • RKE – Rahvuslik Keskerakond, tidlegare RE+TE+KRE+MAJA

Regjeringar for:

  • 1–2 – 1. Riigikogu
  • 3–6 – 2. Riigikogu
  • 7–10 – 3. Riigikogu
  • 11–13 – 4. Riigikogu
  • 14–17 – 5. Riigikogu

1934 til 1937

endre
Namn Sett inn Gjekk av Parti
Konstantin Päts (2. gang) 24. januar 1934 3. september 1937 Ingen

1938 til 1944

endre
Namn Sett inn Gjekk av Parti
6 Kaarel Eenpalu 5 9. mai 1938 (konstituert frå 21. april 1938) 12. oktober 1939 Ingen
7 Jüri Uluots 12. oktober 1939 21. juni 1940 Ingen
8 Johannes Vares 6 21. juni 1940 25. august 1940 Det estiske kommunistpartiet
Otto Tief (konstituert) 18. september 1944 12. januar 1953 Ingen

Frå 1991

endre
Namn Sett inn Gjekk av Parti
Edgar Savisaar (konstituert) 20. august 1991 29. januar 1992 Eesti Rahvarinne
Tiit Vähi (konstituert) 29. januar 1992 21. oktober 1992 Ingen
9 Mart Laar 21. oktober 1992 8. november 1994 Isamaaliit
10 Andres Tarand 8. november 1994 17. april 1995 Ingen
11 Tiit Vähi (andre gong) 17. april 1995 17. mars 1997 Eesti Koonderakond
12 Mart Siimann 17. mars 1997 25. mars 1999 Eesti Koonderakond
Mart Laar (andre gong) 25. mars 1999 28. januar 2002 Isamaaliit
13 Siim Kallas 28. januar 2002 10. april 2003 Eesti Reformierakond
14 Juhan Parts 10. april 2003 12. april 2005 Res Publica
15 Andrus Ansip 12. april 2005 Eesti Reformierakond

Fotnotar

endre
  • 1: Päts var fengsla til 20. november 1918. Frå han vart utnemnd til statsminister og til han vart sleppt fri, fungerte Jaan Poska som statsminister.
  • 2: Han vart utnemnd, men Birk tok ikkje embetet.
  • 3: Han var fungerande statsminister frå 29. juli til 30. juli 1920.
  • 4: Statsoverhovud frå desember.
  • 5: Han var fungerande statsminister frå 21. april 1938 til 9. mai 1938.
  • 6: Utnemninga vart kjend ugyldig av det estiske valkollegiet 20. april 1944.

Bakgrunnsstoff

endre