Opna hovudmenyen

LivssogeEndra

Päts betyr «brød» på estisk[1] og var namnet på ein av forfedrane hans, som var møllar av yrke. Päts sine forfedrar var protestantar, men far hans konverterte til den ortodokse kyrkja og gifta seg med ein russar.

UtdanningEndra

I 1898 tok Päts avgangseksamen frå Fakultet for jus ved Universitetet i Tartu som cand.jur. Seinare fekk han æresdoktorgradar ved Universitetet i Tartu, Tekniske Universitet i Tallinn og ved Andhra Universitet, og ein æresmedlemskap av Det estiske vitskapsakademiet.

Militær- og litterær røynsleEndra

Päts tenestegjorde i det russiske 96. infanteriregiment av Omsk i Pskov, der han seinare vart utnemnt til fenrik. I 1901 byrja han å arbeide som redaktør av avisa Teataja i Tallinn. I 1904 vart han leiar av den estisk-russiske blokka i kommunevalet i Tallinn, men vart avvist stillinga som ordførar i Tallinn fordi han ikkje var etnisk russar, og vart difor berre nestleiande ordførar. Han omsette fleire verk om sjølvstyre og birøkt til estisk. Han deltok i revolusjonen i 1905 og vart dømt i fråvær, sidan han hadde flykta til Sveits og deretter til Finland. Han vende attende til det russiske imperiet i 1909 og vart fengsla i eitt år i St. Petersburg.

Tidleg politisk karriereEndra

Päts var ein av dei tre medlemane av Frelseskomiteen (Päästekomitee eller Eestimaa Päästmise Komitee) som sende ut den estiske sjølvstende-erklæringa den 24. februar 1918. Same dag vart Päts utnemnt til leiar av regjeringsrådet og innanriksminister i den nyleg proklamerte Republikken Estland. Under den påfølgjande tyske okkupasjonen vart han arrestert av tyske myndigheiter, og oppheldt seg i tida mellom juni og november i ein fangeleir i Polen. Etter å ha kome attende til Estland, vart han utnemnt til postane som statsminister og krigsminister i den provisoriske regjeringa, og desse stillingane heldt han fram til 8. mai 1919.

Päts heldt posten som Estlands rikseldste (statsoverhovud) ved fleire høve:

I 1922 reiste Päts på den første estiske statsvitjinga til Finland. Her la han fram eit forslag om ein estisk-finsk personalunion frå 1918, og han bar på dette forslaget gjennom resten av si levetid, noko som vert stadfesta i hans såkalla politiske testament, skrive i juli 1940. Seinare vart han ein nær ven av den finske presidenten Pehr Evind Svinhufvud, og Päts reiste to gongar til på statsvitjing til Finland under Svinhufvud sin regjeringsperiode (1935 og 1937).

Gjennom heile den politiske karrieren var han ein entusiast og tuftar av sjølvstendige lokale og profesjonelle sjølvstyreorgan og yrkesfaglege skular. Han var overtydd om at mennesketlivet var for kort til å sikre ein stabil statleg organisasjon, og frå 1918 byrja han å utforme eit rammeverk for sjølvstyre for ulike fagmiljø og etniske minoritetar, for å finne ein godt balansert stat basert på proporsjonal representasjon og samarbeid mellom ulike grupper.

Det liberale 1920-talet var ikkje ein god periode for ideane hans. Forslag til konstitusjonelle reformer vart avviste. Men, to profesjonelle sjølvstyrte ministerium (Handelskabinettet og Landbrukskabinettet) og to sjølvstyrande kulturelle ministerium som var samansette av etniske minoritetar (tyskarar og jødar) vart grunnlagt i denne perioden.

Reformene til PätsEndra

På byrjinga av 1930-talet, trass den økonomiske og konstitusjonelle krisa, vart han kalla av Kaarel Eenpalu til å ta på seg rolla som Estlands statsoverhovud igjen.

Han leidde to regjeringar og vart den 21. oktober 1933 vald som leiaren av overgangsregjeringa til den nye grunnlova, der statsoverhovudet var president. I denne stillinga innførte han ein unntakstilstand over heile landet (ein delvis unntakstilstand hadde vore i bruk i visse delar av Estland heilt sidan 1918), og byrja ei grundig statleg reform der han fekk innført dei politiske ideane sine, som han hadde tala for i fleire tiår. I løpet av den neste tida vart mange nye bygningar, i hovudsak nye skular av alle slag, regjeringskontor, sjølvstyreinstitusjonar, attåt bruer og kraftverk, bygt. Fordi Grunnlova av 1934 vart sett på for å vere for diktatorisk, organiserte han ei ny grunnlov gjennom ei folkeavrøysting og ein nasjonalt deltakande forsamling. I overgangen til grunnlova vart han Riigihoidja (President-Regent) i Estland den 3. september 1937, og president i republikken, under den nye grunnlova, den 24. april 1938. Grunnlova var tufta på dei moderne polske og belgiske grunnlovene.

Okkupasjon og seinare livEndra

Etter byrjinga på andre verdskrigen hadde han erklært Estland nøytralt, men vart tvungen til å tillate sovjetiske militære basar i Estland. Ein komplett okkupasjon og innlemming i Sovjetunionen følgde det neste året. Etterfølgjarane hans i eksil, Jüri Uluots og August Rei, vurderte han som det juridiske estiske statsoverhovudet og seg sjølve som hans midlertidige erstattarar inntil han døydde. Han vart arrestert og deportert til Sovjetunionen, og døydde på eit psykiatrisk sjukehus i Kalinin (noverande Tver) i 1956.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra