Europameisterskapen på skeiser 1998

Europameisterskapane på skeiser 1998 for menn og for kvinner vart avvikla i Oulunkylä isstadion i Helsinki i Finland frå fredag 9. og til sundag 11. januar. 27 menn og 22 kvinner frå 15 land deltok i meisterskapen. Deltakarane kom frå Austerrike, Belgia, Finland, Frankrike, Italia, Kviterussland, Nederland, Noreg, Polen, Romania, Russland, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, og Ungarn.

Noreg stilte med tre menn: Steinar Johansen, Kjell Storelid, Lasse Sætre og to kvinner: Lise Marie Braathen og Anette Tønsberg. Sætre vart best av dei norske med sin sjuandeplass, Tønsberg vart nummer 8.

Rintje Ritsma frå Nederland vart suveren europameister, han var også bestemann på 5 000 meter og 1500 m. Ermanno Ioratti frå Italia gjekk snøggaste 500-meteren og Belgias Bart Veldkamp fortaste milløpet. Claudia Pechstein frå Tyskland vann kvinnene sin laurbærkrans, framom landskvinna Anni Friesinger og med russiske Svetlana Bazjanova på tredjeplass. Pechstein fekk bestetid på tre av distansane, Friesinger gjekk fortast av alle på 3 000 meter.

Skeise-EM 1998, mennEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Rintje Ritsma   Nederland 161,335
  Roberto Sighel   Italia 164,477
  Vadim Sajutin   Russland 164,882
4 Bart Veldkamp   Belgia 164,923
5 Falko Zandstra   Nederland 165,320
6 Jelmer Beulenkamp   Nederland 166,013
7 Lasse Sætre   Noreg 166,280
8 Marnix ten Kortenaar   Austerrike 166,411
9 Peter Adeberg   Tyskland 166,638
10 Steinar Johansen   Noreg 166,722
11 Kjell Storelid   Noreg 166,727

Dato: 9./11. januar

Skeise-EM 1998, kvinnerEndra

Plass Utøvar Land Poeng
  Claudia Pechstein   Tyskland 172,818
  Anni Friesinger   Tyskland 173,904
  Svetlana Bazjanova   Russland 174,316
4 Ulrike Adeberg   Tyskland 176,195
5 Annamarie Thomas   Nederland 176,734
6 Barbara de Loor   Nederland 177,780
7 Tonny de Jong   Nederland 177,912
8 Anette Tønsberg   Noreg 178,889

Dato: 9./11. januar

KjelderEndra