Eurovision Song Contest 1966
Eurovision Song Contest 1966 (ESC 1966) var den ellevte gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Villa Louvigny i Luxembourg i Luxembourg. Finalen fann stad fredag 8. april. Austerrike vann konkurransen med songen «Merci Chérie», framført av Udo Jürgens på tysk.
Eurovision Song Contest 1966 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Italia ville trekke seg berre nokon timar før finalen på grunn av at han var misnøgd med orkesteret og dei ikkje fekk ha med to gitaristar på scena, dei blei nekta å tekke seg og var dermed med i finalen. Ein regel om at kvart land måtte synge på sitt heimspråk blei innført dette året. Norden utvikla nabostemming, noko som gjorde at dei nordiske landa stemte på kvarandre. For fyrste gong var det også dansarar med på scena.
Bidraga
endreFinale
endre- Finalen blei halden den 8. april 1966 i Villa Louvigny.
- Austerrike vann konkurransen for fyrste gong.
- Noreg sitt bidrag, «Intet er nytt under solen» av Åse Kleveland, kom på tredjeplass.
- Belgia og Irland kom på ein delt 4. plass.
- Vest-Tyskland, Luxembourg og Finland kom på ein tredelt 10. plass.
- Monaco og Italia kom på ein delt 17. plass.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | Vest-Tyskland | Margot Eskens | «Die Zeiger der Uhr» | Tysk | 10 | 7 |
2. | Danmark | Ulla Pia | «Stop - mens legen er go'» | Dansk | 14 | 4 |
3. | Belgia | Tonia | «Un peu de poivre, un peu de sel» | Fransk | 4 | 14 |
4. | Luxembourg | Michèle Torr | «Ce soir je t'attendais» | Fransk, tysk | 10 | 7 |
5. | Jugoslavia | Berta Ambrož | «Brez besed» | Slovensk | 7 | 9 |
6. | Noreg | Åse Kleveland | «Intet er nytt under solen» | Norsk | 3 | 15 |
7. | Finland | Ann Christine Nyström | «Playboy» | Finsk | 10 | 7 |
8. | Portugal | Madalena Iglésias | «Ele e ela» | Portugisisk | 13 | 6 |
9. | Austerrike | Udo Jürgens | «Merci, Chérie» | Tysk | 1 | 31 |
10. | Sverige | Lill Lindfors & Svante Thuresson | «Nygammal vals» | Svensk | 2 | 16 |
11. | Spania | Raphael | «Yo soy aquél» | Spansk | 7 | 9 |
12. | Sveits | Madeleine Pascal | «Ne vois-tu pas?» | Fransk | 6 | 12 |
13. | Monaco | Tereza Kesovija | «Bien plus fort» | Fransk | 17 | 0 |
14. | Italia | Domenico Modugno | «Dio, come ti amo» | Italiensk | 17 | 0 |
15. | Frankrike | Dominique Walter | «Chez nous» | Fransk | 16 | 1 |
16. | Nederland | Milly Scott | «Fernando en Filippo» | Nederlandsk | 15 | 2 |
17. | Irland | Dickie Rock | «Come Back to Stay» | Engelsk | 4 | 14 |
18. | Storbritannia | Kenneth McKellar | «A Man Without Love» | Engelsk | 9 | 8 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «ESC 1966» og «ESC 1966» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 3. februar 2011.