Eurovision Song Contest 1970 (ESC 1970) var den 15. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Rai Congrescentrum i Amsterdam i Nederland. Finalen fann stad laurdag 21. mars. Irland vann konkurransen med songen «All Kinds of Everything», framført på engelsk av musikkgruppa Dana.
Eurovision Song Contest 1970
|
---|
|
---|
|
|
---|
Dato
|
---|
Vertskap
|
---|
|
|
Varigskap
|
---|
Opningsnummer
|
---|
Pausenummer
|
---|
Bidrag
|
---|
|
Kart
|
---|
|
|
Røysting
|
---|
Vinnar
«All Kinds of Everything» |
|
Eurovision Song Contest
|
---|
|
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen
Som følgje av at fire land delte fyrsteplassen i 1969 (Storbritannia, Frankrike, Spania og Nederland), vart Nederland vald til vertsland gjennom loddtrekning. Austerrike (som ikkje hadde vore med i 1969), Finland, Noreg, Portugal og Sverige boikotta konkurransen dette året fordi dei ikkje var nøgde med resultatet i 1969 og med avstemmingssystemet.
Dei nederlandske produsentane såg seg nøydde til å utvide programmet ettersom berre tolv land bestemte seg for å reisa til Amsterdam for å delta. Ein hadde difor eit større opningsnummer, og kvart innslag vart introdusert av eit såkalla «postkort», noko som har vorte ein tradisjon sidan.