Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1969 (ESC 1969) var den fjortande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Teatro Real i Madrid i Spania. Finalen fann stad laurdag 29. mars. Frankrike vann konkurransen med den franske songen «Un Jour, Un Enfant», framført av Frida Boccara. Nederland vann konkurransen med den nederlandske songen «De Troubadour», framført av Lenny Kuhr. Spania vann konkurransen med den spanske songen «Vivo Cantando», framført av Salomé. Storbritannia vann konkurransen med songen «Boom Bang-a-Bang», framført av Luluengelsk.

Eurovision Song Contest 1969
Dato
Vertskap
Stad
Teatro Real
Flagget til Spania Madrid i Spania
Programleiar(ar)
Laurita Valenzuela
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
1968 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1970
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Det var fyrste gong fleire land kom på 1. plass med same poengsum, då Frankrike, Nederland, Spania og Storbritannia alle hadde fått 18 poeng kvar etter avstemminga. På denne tida var det ingen reglar som skilte landa ved stemmelikskap, og alle fire vart difor utropt til vinnarar. Etter dagens reglar ville Frankrike ha vunne, av di det var flest ulike land som røysta på Frankrike.

Austerrike nekta å delta i ein konkurranse som vart halden i eit diktatorstyrt land (Spania var på denne tida kontrollert av Francisco Franco). Den kjende kunstnaren Salvador Dalí var ansvarleg for designet til publisitetsmaterialet i forkant av konkurransen så vel som metallskulpturen som vart brukt på scena.

Liechtenstein hadde ymta frampå om å delta i konkurransen dette året - og hadde til og med vald ut songen «Un beau matin», men fekk ikkje delta fordi landet ikkje hadde nokon TV-stasjon som var medlem av EBU.

BidragaEndra

FinaleEndra

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.   Jugoslavia Ivan & 3M «Pozdrav svijetu» Serbokroatisk 13 5
2.   Luxembourg Romuald Figuier «Catherine» Fransk 11 7
3.   Spania Salomé «Vivo cantando» Spansk 1 18
4.   Monaco Jean Jacques «Maman, Maman» Fransk 6 11
5.   Irland Muriel Day «The Wages of Love» Engelsk 7 10
6.   Italia Iva Zanicchi «Due grosse lacrime bianche» Italiensk 13 5
7.   Storbritannia Lulu «Boom Bang-a-Bang» Engelsk 1 18
8.   Nederland Lenny Kuhr «De troubadour» Nederlandsk 1 18
9.   Sverige Tommy Körberg «Judy, min vän» Svensk 9 8
10.   Belgia Louis Neefs «Jennifer Jennings» Nederlandsk 7 10
11.   Sveits Paola Del Medico «Bonjour, Bonjour» Tysk 5 13
12.   Noreg Kirsti Sparboe «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Norsk 16 1
13.   Vest-Tyskland Siw Malmkvist «Primaballerina» Tysk 9 8
14.   Frankrike Frida Boccara «Un jour, un enfant» Fransk 1 18
15.   Portugal Simone de Oliveira «Desfolhada portuguesa» Portugisisk 15 4
16.   Finland Jarkko ja Laura «Kuin silloin ennen» Finsk 12 6

KjelderEndra