Evil av Howlin' Wolf
Evil Is Goin' On Singel av Howlin' Wolf | ||
B-side |
«Baby How Long» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1954 | |
Innspelt | Chicago, 25. mai 1954[1] | |
Sjanger | Chicago blues | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | Chess (no. 1575) | |
Tekstforfattar | Willie Dixon | |
Låtskrivar(ar) | Willie Dixon | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess, Willie Dixon[1] | |
Howlin' Wolf-kronologi | ||
«Baby How Long» (1954) |
Evil Is Goin' On | «Forty Four» (1954)
|
«Evil», stundom kalla «Evil (Is Going On)», er ein Chicago blues-standard skriven av Willie Dixon.[2] Howlin' Wolf spelte inn songen for Chess Records i 1954.[3] Han var med på samlealbumet Moanin' in the Moonlight i 1959. Då songen vart spelt inn på ny i 1969 for The Howlin' Wolf Album, vart «Evil» den siste singelen til Wolf som gjekk inn på den amerikanske singellista (43. plassen på Billboard R&B-lista).[4]
På versjonen frå 1954 spelte Hubert Sumlin og Jody Williams (gitar), Otis Spann (piano), Willie Dixon (kontrabass og Earl Phillips (trommer).[5]
Songen er blitt spelt av mange andre artistar, som Luther Allison, Canned Heat, Captain Beefheart, Derek and the Dominos, Gary Moore, Cactus, The Faces, Dee Snider (med Widowmaker), Jake E. Lee, Monster Magnet, The Dead Daisies og Steve Miller. Koko Taylor-versjonen av songen var med i filmen Adventures in Babysitting i 1987. Tom Jones spelte inn ein versjon av songen i 2011, produsert av Jack White. Jace Everett og C.C. Adcock spelte inn ein versjon som vart nytta i den tredje sesongfinalen i True Blood.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Evil Is Going On» frå Wikipedia på engelsk, den 26. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Chess Blues 1947-1967 (CD liner). Various artists. United States: Chess/MCA Records. 1992. CHD4-9340. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 26. august 2018.
- ↑ Muddy Waters' «Evil» is a different song, credited to Morganfield aka Waters (1957 Chess 1680)
- ↑ Herzhaft, Gerard (1992). Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 268. ISBN 1-55728-252-8.
- ↑ Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 198. ISBN 0-89820-068-7.
- ↑ Floyd, Samuel A. (1995). The Power of Black Music. Oxford University Press. s. 176–177. ISBN 0-19-508235-4.