Eyvind Skeie
Eyvind Skeie (fødd 5. november 1947) er ein norsk prest, forfattar og salmediktar. Han har mellom anna skrive manus til norske TV-seriar for barn, til dømes Portveien 2 og Sesam Stasjon. Han har òg skrive skjønnlitteratur og faglitteratur for barn og vaksne.
Eyvind Skeie | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. november 1947 (77 år) Bergen |
Yrke | prest, skribent, låtskrivar, salmediktar, manusforfattar, songtekstforfattar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Far | Arne Skeie |
Nettstad | http://eyvindskeie.no |
Eyvind Skeie vart fødd på Askøy, og etter eksamen artium frå Bergen katedralskole studerte han teologi verd Menighetsfakultetet 1968-72. Frå 1973 arbeidde han i vekeavisa Vår kirke. Våren 1974 vart han ordinert til prest. Frå 1975 til 1980 var han kapellan i Tromøysund, før han heldt fram i Vår Kirke, no som redaktør.
Etter at avisa gjekk inn, heldt han fram arbeidet i Kirkens bymisjon i Oslo. Frå 1986 har han vore kapellan, eit arbeid han har kombinert med sitt arbeid som forfattar.[1]
Dikting
endreEyvind Skeie har skrive tekst til meir enn 650 salmar, av desse er omkring 100 tekne med i Norsk Salmebok, Salmer 1997 eller Barnesalmeboka.
Salmane og songane til Eyvind Skeie er utgjevne i mange salmebøker og songbøker. Han har samarbeidd med mange norske komponistar. Skeie har også vore engasjert for norske organisasjonar, mellom anna i Aserbajdsjan. Han har skrive om lag 1200 songtekstar til musikk og har utgjeve om lag 40 bøker.
Utmerkingar
endre- Årets verk i 1987 for Smygerne.
- Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 1991.
- Skeie fekk Petter Dass-prisen i 2004 for arbeidet sitt med å spreia den kristne bodskapen til folket.
- I 2007 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Biografi, arkivert frå originalen 29. oktober 2008, henta 25. desember 2008
- ↑ Eyvind Skeie si nettside, arkivert frå originalen 19. oktober 2008, henta 25. desember 2008
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Verksliste Arkivert 2008-10-29 ved Wayback Machine. ved eyvindskeie.no