«Feker Libi»
Song av Eden Alene
Land Israel
Språk Engelsk, hebraisk, arabisk, amharisk og kunstig språk
Utgjeve 3. mars 2020
Sjanger Dancepop, afrobeat
Lengd 03:04
Selskap Tedy Productions, AM Productions
Komponist Doron Medalie
Tekstforfattar Doron Medalie
Låtskrivar(ar) Doron Medalie, Idan Raichel

«Feker Libi» (amharisk skrift ፍቅር ልቤ) er ein israelsk song frå 2020 med songaren Eden Alene. Songen skulle ha vore det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Songen vart utgjeven 3. mars 2020.[2][3]

Eurovision Song Contest endre

«Feker Libi» skulle ha vore det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 etter at songaren Eden Alene vann HaShir HaBa L'Eurovizion, talenttevlinga som vel ut landet sitt bidrag til Eurovision Song Contest. 3. mars deltok Alene med fire songar i ein nasjonal finale på den israelske TV-kanalen Kan 11. Ein fagjury og tv-sjåarane kåra «Feker Libi» til vinnarsong.[4] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen Covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

«Feker Libi» er skriven av Doron Medalie og Idan Raichel, og teksta er på fire språk. Tittelen er amharisk for 'elsklingen min', og artisten sjølv har jødiske etiopisk-fødde foreldre som innvandra til Israel under den jødiske masseinnvandringa frå Etiopia.[6] Mesteparten av teksta er på engelsk, men delar av teksta er òg på amharisk, hebraisk, arabisk og eit oppdikta afrikansk-aktig språk.[2]

Låtskrivaren Doron Medalie har skrive fleire israelske deltakerlåtar i Eurovision Song Contest, blant anna «Toy» som vann Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.[2]

«Feker Libi» skulle ha delteke i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest 2020. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 12. mai 2020.

Kjelder endre

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Eden Alene Songs for Israel in Eurovision 2020» (på engelsk). 27. februar 2020. Henta 3. mars 2020. 
  3. «‎Feker Libi by Eden» (på engelsk). Henta 3. mars 2020. 
  4. «Israel’s Eden Alene will sing 'Feker Libi' in Rotterdam». eurovision.tv. 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  6. «Eden Alene». 4. februar 2020.