Fenakitt
Fenakitt er eit fargelaust mineral som mellom anna opptrer på granittpegmatitter (i usedvanleg store krystall frå Tonga-brotet ved Kragerø, òg frå Drag i Tysfjord) og på druserom i granittar og syenittar (Hurum og Grorud i Oslofeltet). Mineralet krystalliserer trigonalt og er kjemisk eit berylliumsilikat, Be2SiO4.
Fenakitt | |||
Fenakittkrystallar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Nesosilikat | ||
Kjemisk formel | Be2SiO4 | ||
Strunz-klassifisering | 09.AA.05 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal 3 romboedrisk | ||
Einingscelle | a = 12,438 Å, c = 8,231 Å; Z = 18 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, gul, rosa, brun | ||
Krystallform | Søyleforma, prismatisk til nålforma krystallar ofte som skiveforma samlingar, som sfærulittar og korna | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Tvilling | Penetrerande tvillingar kring {0001} | ||
Kløyv | tydeleg på {1120}, uperfekt på {1011} | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 7,5–8 | ||
Glans | Glasaktig | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 2,93–3,00 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1,650–1,656 nε = 1,667–1,670 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,017 | ||
Andre eigenskapar | Lyseblå katodeluminescens | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Namnet kjem av gresk 'narre', fordi mineralet kan forvekslast med kvarts.
Kjelder
endre- Fenakitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fenakitt.