Fiachra Terence Wilbrah Trench (fødd i 1941) er ein irsk musikar og komponist frå Drogheda i County Louth i Irland.[1]

Fiachra Trench
Fødd1941 (83 år)
FødestadDublin
OpphavIrland
Verka somkomponist, låtskrivar, filmmusikkomponist, musikar

I 1972 produserte han og spelte klaverinstrument på If-albumet Waterfall, i tillegg til debutalbumet til Solid Gold Cadillac. I 1973 spelte han piano på If-albumet Double Diamond.

Han og låtskrivarpartnaren hans i 1980-åra, Ian Levine, skreiv og produserte somme populære Hi-NRG-hittar for Miquel Brown, Barbara Pennington og Evelyn Thomas. Han laga strykearrangement på Boomtown Rats-hitten «I Don't Like Mondays» og «Fairytale of New York» av The Pogues.[2] Andre artistar han har arbeidd med Van Morrison, Elvis Costello, Art Garfunkel, Sinéad O'Connor, The Corrs, Phil Lynott, Sweet, Joan Armatrading og Paul McCartney. Han lærte den avdøde kona til McCartney, Linda, å spele piano. I 1996 var han dirigent på det franske bidraget i Eurovision Song Contest, «Diwanit bugale», komponert og framført av Dan Ar Braz.

Han har komponert musikk for filmar som Pearl Harbor, The Boxer, The Tailor of Panama og The Ring.[3]

Kjelder

endre
  1. «Fiachra Trench». Cmc.ie. 20. september 2018. Henta 2. oktober 2021. [daud lenkje]
  2. «Fiachra Trench». Discogs.com. Henta 2. oktober 2021. 
  3. «Fiachra Trench». IMDb.com. Henta 2. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre