Finnfjordbotn vidaregåande skole
Finnfjordbotn vidaregåande skole er ein offentleg vidaregåande skole som ligg i utkanten av Finnsnes i Senja kommune. Skulen vart grunnlagd i 1946 som landsgymnas med elevar frå Nordland, Troms og Finnmark. I 1970-åra var skulen i Finnfjordbotn forsøksgymnas, og har sidan vore ein utviklingsaktiv, vidaregåande skule.
Finnfjordbotn vidaregåande skole | |||
Motto | Tradisjon - Visjon - Handling | ||
---|---|---|---|
Skuletype | Offentleg vidaregåande skole | ||
Grunnlagd | 1946 | ||
Region/fylke | Troms | ||
Kommune | Senja | ||
Stad | Finnsnes | ||
Adresse | Finnfjordbotn, 9300 Finnsnes | ||
Rektor | Børre Krudtå | ||
Klasser | 25 | ||
Elevar | 350 | ||
Tilsette | 80 | ||
Nettstad | www.finnfjordbotn.vgs.no/ | ||
Finnfjordbotn vidaregåande skole 69°13′55″N 18°05′47″E / 69.232°N 18.0964°E |
Skulen har eit breitt tilbod innan studiebetrande utdanningsprogram, og «International Baccalaureate Diploma Programme» som alternativ til dei to siste åra. Det er eit globalt program, med undervisning på engelsk og større fagleg fordjuping enn på studiespesialisering. Finnfjordbotn er den nordlegaste IB World School i verda, og tek imot elevar frå heile Nord-Noreg og utlandet. Skulen har også internat med plass til 80 elevar.
Studietilbod
endre- Studiespesialisering
- International Baccalaureate
- VG2 Transport og logistikk
- VG1 Service og samferdsel
- VG2 Ambulansefag
- VG1 Restaurant- og matfag
- Vaksenopplæring
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Finnfjordbotn vidaregåande skole» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell heimeside Arkivert 2010-10-25 ved Wayback Machine.