Fiskarhalvøya

halvøy i Russland
(Omdirigert frå Fiskerhalvøya)

Fiskarhalvøya (russisk Полуостров Рыбачий, Poluostrov Rybatsjij, nordsamisk Giehkirnjárga, finsk Kalastajasaarento) er det nordlegaste punktet på fastlandet i den europeiske delen av Russland. Ho består av to delar, Srednijhalvøya («Mellomhalvøya») knytt til fastlandet via eit smalt eid og sjølve Fiskarhalvøya, som er knytt til Srednij igjen via eit liknande smalt eid. Halvøya er derfor nesten omgjeve av vatn. Administrativt høyrer ho til Petsjengas kommunale krets i Murmansk region og ligg nokre få timar frå Murmansk.

Fiskarhalvøya
halvøy
Land  Russland
Kart
Fiskarhalvøya
69°42′N 32°36′E / 69.7°N 32.6°E / 69.7; 32.6
Fiskarhalvøya er den nordaustlegaste delen av Petsjenga.
Fiskarhalvøya er den nordaustlegaste delen av Petsjenga.
Fiskarhalvøya er den nordaustlegaste delen av Petsjenga.
Wikimedia Commons: Rybachiy Peninsula
Landsbyen Tsypnavolok på Fiskarhalvøya.

Hovudnæringane til innbyggjarane er reinsdyr og petroleum.

Historie endre

Halvøya ligg eit område der grensene vart sett relativt seint. Den norsk-russiske grensa vart teikna i 1826 og Fiskarhalvøya hamna på den russiske sida. På denne tida levde fleire nordmenn på halvøya.

22. november 1868 gav tsar Aleksander II fleire tiltak for å få folk til å busetja seg langs Kolakysten, som skattefritak for handel, tollfri innførsel og sal og gunstige lån.[1] Etter den russiske revolusjonen vart vestlege delar av Sredij og Fiskarhalvøya avstått til Finland. Dei vart gjeve tilbake til Sovjetunionen etter den sovjetisk-finske vinterkrigen i 1940. Dei norske busetjarane vart «fanga» i Sovjetunionen etter revolusjonen, og enkelte av etterkomarane fekk norsk borgarskap etter jernteppet forsvann.

Under den andre verdskrigen var området i tre år del av ein posisjonskrig mellom Tyskland og Sovjetunionen. Halvøya verna tilkomsten til Murmansk og Arkhangelsk, som var hovudportane til Lend-lease. Fronten delte halvøya i to delar, og på begge sider vart det bygd kraftig forsvarsverk.

Før Sovjetunionen vart splitta, var området kraftig militarisert sidan det låg like ved grensa til «NATO-landet» Noreg.

Området er framleis lukka for utlendingar (2005). Russland-korrespondenten til NRK, Morten Jentoft, fekk tilgang til halvøya i 2017.[1]

Ei militærøving med panserkjøretøy fann stad her i 2017.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jentoft, Morten (5. november 2017), «De glemte emigrantene», NRK (på norsk bokmål), henta 8. desember 2019