Fjågesund
Fjågesund er ei bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Namnet Fjågesund tyder «det vakre, blide sundet».[1]
Fjågesund | |||
bygd | |||
Utsikt frå Ånås mot Fjågesund og Bergstod
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Kviteseid | ||
Postnummer | 3850 KVITESEID | ||
Ferdselsårer | Fv 106 Fv304 | ||
Fjågesund 59°18′11″N 8°41′39″E / 59.30314°N 8.694096°E | |||
Wikimedia Commons: Fjågesund |
Geografi
endreFjågesund ligg ved den vestre enden av Flåvatn og ved Straumen, sundet som knyter Kviteseidvatn i nordvest til Flåvatn i søraust. Bygda er med det plassert om lag midtvegs ved Telemarkskanalen. Til Fjågesund reknast normalt også Bergstod, eit område som strekkjer seg langs sørsida av det vestlege Flåvatn.
Eit landemerke i bygda er den 300 meter høge og nær loddrette fjellveggen vest i bygda, ein del av fjellet Ånås.
Historie
endreDet har truleg vore busetnader i Fjågesund i minst 5000 år. Det eldste oldtidsfunnet i bygda, som òg er det eldste i Kviteseid kommune, er ei tynnakka flintøks. Denne øksa har vorte datert til mellom 3500 f.Kr. og 2800 f.Kr. I tillegg er det funne ei skaftholøks, noko som tyder på jordbruk i alle fall frå bronsealderen av.[2]
Også Fjågesund gard er særs gamal. Ut frå plasseringa til garden, storleiken hans og dateringa av andre gardar i heradet, har ein anslått at garden må ha blitt rydda ein gong i perioden 1 - 550 e.Kr. eller endå tidlegare. Garden var i eldre tid den største i heradet, og strakte seg opphavleg frå Kviteseid i vest til Tørdal i sør. Blant anna blei truleg Kviteseid gard og Kviteseid gamle kyrkje bygd på grunn frå Fjågesund. Til dei eldste gardane i bygda høyrer òg Østenå, som ligg på motsett side av sundet frå Fjågesund gard. Østenå kan ha blitt utskild frå Fjågesund i løpet av vikingtida.[2] På denne garden har same slekta vore busett i minst 350 år.[3]
Fjågesund har ei eiga kyrkje, innvia i 1916. I bygda var det òg skule fram til 2007 og ein landhandel som var i drift til 2010. Frå 1883 til 1991 var det òg eit postkontor i bygda, som då hadde postnummeret 3852 Fjågesund.[4]
Referansar
endre- ↑ Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola, red. (1976). Norsk stadnamnleksikon. Oslo: Samlaget. s. 110. ISBN 8252105440.
- ↑ 2,0 2,1 Olsnes, Aanund (1987). Kviteseid bygdesoge III. Kultursoga frå dei eldste tider til kring 1820. Kviteseid kommune. ISBN 8299159806.
- ↑ Bakken, Olav (1962). Kviteseid bygdesoge II. Gardssoga. Kviteseid: Eige forlag. s. 67.
- ↑ «Fjaagesund poståpneri på KulturNav.org». Henta 19. november 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstad om Fjågesund Arkivert 2015-09-18 ved Wayback Machine.