Fjørekoll

Fjørekoll
Fjørekoll
Fjørekoll
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Plumbaginaceae
Underfamilie: Staticoideae
Stamme: Staticeae
Slekt: Fjærekollslekta Armeria
Art: Fjørekoll A. maritima
Vitskapleg namn
Armeria maritima

Fjørekoll eller strandnellik (Armeria maritima) er ein 10-25 cm høg fleirårig strandplante med grov jordstengel og lysraud blomsterkvast. Blada sit i ein tuveforma rosett.

Fjørekoll i sprekk på svaberg

Fjørekollen veks langs havstrender og på tørre enger og knausar over det meste av Skandinavia nord til Karlsøy i Troms og Gästrikland i Sverige. Planten veks elles i Mellom- og Vest-Europa, Island og Grønland. Med nærståande underartar er planten cirkumpolar.

Når planten veks i sprekker på svaberga, kiler han seg fast i bergsprekkane slik at det ser ut som han veks på snaue berget. På stader der måsar plar sitje og halde utkik, vert det gjenom åra danna store tuver av strandnellik som får næring av fugleekskrementa. Fjørekollen veks òg i forskjellige engsamfunn.

SynonymEndra

Planten har fleire vitskaplege namn, forutan A. maritimia er han kalla A. vulgaris Willd., Statice armeria L..

Fjørekollfamilien vert òg kalla hinnebegerfamilien.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjørekoll