Fjodor Aleksandrovitsj Vasiljev (22. februar 18506. oktober 1873) var ein russisk landskapsmålar som introduserte stilen lyrisk landskapsmåling i russisk kunst. Hans stemningsfulle måleri vert rekna for nokre av dei viktigaste i russisk kunst frå det 19. hundreåret.

Fjodor Vasiljev

Fødenamn Фёдор Александрович Васильев
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 10. februar 1850
Gattsjina
Død

24. september 1873 (23 år)
Jalta

Yrke kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Fjodor Vasiljev på Commons

Liv og gjerning endre

 
Sjølvportrett, 1873

Fjodor Vasiljev var fødd i Gattsjina, og var son av ein offentleg tenestemann på lågt nivå. Foreldra hans gifta seg fyrst då Fjodor var fire år gammal, så han vart alltid betrakta som fødd utanfor ekteskap. Frå han var 12 år gammal måtte han brødfø seg sjølv. Han arbeidde som postbod, skrivar, og som assistent til ein som restaurerte bilete. Etter at faren døydde brått var han den einaste i stand til å forsyrgje familien.

I 1863 klarte han å få plass til eit kveldskurs på målingsskulen driven av Selskapet til framhjelp av kunstnarar. Medan han gjekk på skulen vart Vasiljev kjend med mange målarar og som hjelpte han.

Landskapsmålaren Ivan Sjisjkin forelska seg i 1866 i Fjodors syster Jevgenija Vasiljeva. Sjisjkin vart kjend med Fjodor og byrja undervise han i landskapsmåling. Frå juli til november 1867 arbeidde Sjisjkin og Vasiljev i lag på øya Valaam. Enkelte stader på Valaam fann begge målarane motiv til sine måleri. Seinare syrgde Sjisjkin for at Fjodor vart kjend med Ivan Kramskoj, Ilja Repin, og kunstsamlarane Pavel Tretjakov og Pavel Stroganov. Vasiljev vart etter kvart ein sterk konkurrent til Ivan Sjisjkin, og den siste vart ofte skulda for å intrigere og å nytte seg av sin posisjon til å påverke dei styrande for å vinne over Vasiljev ved ulike kunsttevlingar.

 
Utsyn på Volga. Lekterar, 1870

I Vasiljevs tidlege verk, så som Etter eit torever (1868), Nær ein brønn (1868) og andre, anar ein påverknaden frå Barbizon-skulen. Kunstsynet til denne retninga virka inn på arbeida hans, men det vart aldri kritikklaus låning av motiv. Sjølv om Vasiljev til å byrje med var noko svakare teknisk enn Barbizon-målarane, var dei flest kritikarane samd om at han til sist fann sin eigen måte å handsame motivet. Etter ei regnbye (1869) og Etter ei regnbye. Landsveg overgår på mange vis stormscenene til Barbizon-målarane med sitt sterke uttrykk og den djupe, nasjonale tonen.

År 1870 reiste Vasiljev på Volga saman med Ilja Repin. Måleriet Utsyn på Volga. Lekterar (1870) vart ein stor suksess. Same året vart han medlem av Peredvizjnikij-rørsla, han var ein av dei tjue som var med frå starten.

Vasiljev måla i 1871 Mildver, eit bilete som omgåande gjorde han berømt. Tsarfamilien (fyrst Aleksandr, komande Aleksander III av Russland) bestilte ein kopi, og Selskapet til framhjelp for kunstnarar tildelte Vasiljev fyrstepris. Seinare vart fyrst Aleksanders bilete framstilt på verdsutstillinga i 1872 i London og vann ei medalje. Vasiljev fekk tilgang, som kandidat, til St. Petersburgs kunstakademi. Noko som mellom anna fritok han frå militærteneste.

Gutegeniet, som han vart kalla i kunstnarkrinsar i Russland, hadde inga tid til å nyte sin popularitet. Vasiljev var diagnostisert med tuberkulose og reiste frå St. Petersburg for godt. Han flytta til Krim. Stønad til opphaldet fekk han frå 'Selskapet til framhjelp for kunstnarar', men han var pliktig å betale med sine måleri.

 
Våt eng, 1872

Det tok tid før Vasiljev vende seg til det nye utsynet. Han heldt fram å måle dei russiske steppene; verka hans, slike som meisterverket Våt eng (1872), vart laga etter minnet, gamle skisser og førestillingane hans. Etter ei tid byrja Vasiljev å teikne Krim, han fann seg til rette med synet av fjell. Krims fjell (1873) var eit framifrå arbeid og det siste verket av kunstnaren.

Vasiljev døydde av tuberkulose på Jalta, 23 år gammal. Utstillinga av verka hans etter han var død vart ein stor suksess, alle bileta var selde før utstillinga opna. Måleria hans hadde sterk innverknad på den neste generasjonen av russiske landskapsmålarar. Nikolaj Ge sa at han oppdaga himmelen for oss. Mange kunsthistorikarar legg vekt på Fjodor Vasiljevs innverknad på målarar som Isaak Levitan, Valentin Serov og Viktor Borisov-Musatov.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fjodor Vasiljev